Simen Willgohs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Simen Johan Willgohs (fødd 29. desember 1986) er ein norsk ungdomspolitikar, oppvaksen i Fana, og var Bergen SV sin ordførarkandidat for kommunevalet i 2007.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Simen Johan Willgohs vart med i Bergen Sosialistisk Ungdom i 2002, og har vore aktiv i lokallaget sidan det.

Etter valet i 2003, gjekk Willgohs inn i styret i Bergen Sosialistisk Ungdom, der han sat i eit år ut 2004. Eit halvt år seinare, sommaren 2005 vart han vald til leiar for Bergen Sosialistisk Ungdom før han i januar 2006 vart vald til nestleiar i Hordaland Sosialistisk Ungdom. Sommaren 2006 vart han leiar i fylkeslaget etter Ingvild Hunsrød.

I desember 2006 vart Simen Willgohs nominert som ordførarkandidat for Bergen Sosialistisk Venstreparti med andreplass på SV si nominasjonsliste.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Han er son av biletkunstnarane Jan Erik Willgohs og Gerd Frantzsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]