Skeise-VM 2001 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skeisestadion i Budapest

Verdsmeisterskapen på skeiser 2001 i firkamp vart avvikla i Budapest i Ungarn 10. og 11. februar. 24 kviner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen. Meisterskapen vart avvikla på ei utandørs skeisebane i byparken.

Nederlendaren Rintje Ritsma vart verdsmeister for fjerde gong og tyske Anni Friesinger for fyrste gong. Friesinger vann dei to kortaste distansane i kvinneklassa, Bart Veldkamp dei to lengste distansane for menn. Elles sigra tyske Christian Breuer på 500 meter, nederlendarane Ids Postma og Renate Groenewold på høvesvis 1500 m og 3 000 meter, samt tyske Claudia Pechstein på 5 000 meter.

Noregs einaste deltakar, Anne Therese Tveter, enda på 23. og sisteplass av dei som fullførte tevlinga.

Skeise-VM 2001[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Rintje Ritsma  Nederland 158,731
Sølv Ids Postma  Nederland 159,476
Bronse Bart Veldkamp  Belgia 159,731
4 Keiji Shirahata  Japan 160,754
5 Dustin Molicki  Canada 160,878
6 Aleksandr Kibalko  Russland 161,040
7 Dmitrij Sjepel  Russland 161,368
8 Vadim Sajutin  Russland 161,512
9 Christian Breuer  Tyskland 161,623
10 Jochem Uytdehaage  Nederland 162,549

Dato: 10.–11. februar

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Anni Friesinger  Tyskland 169,690
Sølv Claudia Pechstein  Tyskland 169,791
Bronse Renate Groenewold  Nederland 170,133
4 Cindy Klassen  Canada 170,630
5 Barbara de Loor  Nederland 171,218
6 Varvara Barysjeva  Russland 172,692
7 Maki Tabata  Japan 173,187
8 Tonny de Jong  Nederland 173,386
9 Jennifer Rodriguez  USA 173,482
10 Song Li  Kina 174,799

Dato: 10.–11. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]