The Back Seat of My Car

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Back Seat of My Car
Singel av Paul og Linda McCartney
frå albumet Ram
B-side

«Heart of the Country»

Utgjeve 13. august 1971 (berre Storbritannia)
Innspelt 22. oktober 1970
Sjanger Baroque pop, symfonisk rock, kunstrock
Lengd 4:26
Selskap Apple Records
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul og Linda McCartney
Paul og Linda McCartney-kronologi 
«Uncle Albert/Admiral Halsey»
(1971)
The Back Seat of My Car «Eat at Home»
(1971)


«The Back Seat of My Car» er ein song skriven av Paul McCartney og gjeven ut av han og kona Linda McCartney som den siste songen på albumet hans Ram i 1971. Fleire månader seinare vart songen gjeven ut på singel i Storbritannia og nådde 39. plassen der.[1][2] Songen modulerer stilmessig mellom ein feiande piano-og-orkesterballade, liknande McCartney sin «The Long and Winding Road» og ein meir livleg rockeseksjon før songen tar av meir på slutten.[treng kjelde]

Historie[endre | endre wikiteksten]

McCartney presenterte først songen for The Beatles under innspelinga av Let It Be den 14. januar 1969 i Twickenham Film Studios i London.

I følgje McCartney var denne songen og andre songar med bil-tema seint i Beatles-karrieren og tidleg i solokarrieren, som «Two of Us» og «Helen Wheels», inspirerte av dei lange turane han og Linda brukte å køyre då The Beatles var i ferd me å oppløysast.[3] Det meste av songen er ein piano-basert ballade.[3] Allmusic-skribenten Stewart Mason samanliknar hovudmelodien med Beatles-songane «Two of Us» og «You Never Give Me Your Money[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 18. mai 2018. 
  2. «UK Top 40 Chart Archive». Henta 1. september 2009. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Mason, S. «Back Seat of My Car». Allmusic. Henta 18. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]