The Fratellis
The Fratellis | |||
| |||
Aktiv | 2005– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | alternativ rock, rock, folkpunk, indierock, post-punk revival, bluesrock, garasjerock, pønkrock, indiepop | ||
Plateselskap | Island Records, Interscope Records, Sony BMG Music Entertainment | ||
Prisar | Brit Award for British Breakthrough Act |
The Fratellis er eit indierockband frå Glasgow i Skottland. Det blei skipa i 2005 og gav ut debutalbumet Costello Music året etter. Gruppa har nådd den britiske topp ti-lista med singlane «Chelsea Dagger» og «Whistle for the Choir».
Medlemmane i gruppa er ikkje i slekt, men spelar i bandet under artistnamn der slektsnamnet er «Fratelli». Namnet kjem frå filmen The Goonies frå 1985. Gruppa blei fyrst spelt på radio i 2005, på den skotske stasjonen Beat 106 (seinare XFM Scotland, no Capital Scotland) i programmet Beatscene presentert av Jim Gellatly. Ho fekk kontrakt med Fallout Records etter under 10 show.
Debutalbumet Costello Music kom ut i september 2006, og nådde andreplassen på den britiske albumlista.[1] Etter suksessen vann gruppa Brit Award for British Breakthrough Act i 2007, etter avstemming på BBC Radio One.[2]
Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]
- Jon Fratelli (fødd John Paul Lawler 4. mars 1979 i Glasgow) – song, gitar
- Barry Fratelli (fødd Barry Wallace 23. april 1979) – bassgitar
- Mince Fratelli (fødd Gordon McRory 6. mai 1983) – trommer
- Turnémedlemmer
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
- Studioalbum
- Costello Music (11. september 2006)
- Here We Stand (9. juni 2008)
- We Need Medicine (2013)
- Eyes Wide, Tongue Tied (2015)
- In Your Own Sweet Time (2018)
- Half Drunk Under a Full Moon (2021)
- Livealbum
- Live At Glasgow Barrowlands (2006)
- EP-ar
- The Fratellis EP (3. april 2006)
- Flathead EP (23. januar 2007)
- Ole Black 'n' Blue Eyes EP (11. juni 2007)
- The Soul Crush EP (8. september 2014)
- Singlar
- "Henrietta" / "Cigarello" (2006)
- "Chelsea Dagger"/ "Dirty Barry Stole The Bluebird" (2006)
- "Whistle For the Choir" / "Nina" (2006)
- "Baby Fratelli" / "Ooh La Hot Love Live From Glasgow Barrowlands" (2007)
- "Mistress Mabel" / "Boy Done Good" (2008)
- "A Heady Tale" / "Lazybones" (2008)
- "Look Out Sunshine!" / "The Good Life" (2008)
- DVD
- Edgy In Brixton - Live (2007)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Timberlake takes album top spot» (på engelsk). 17. september 2006.
- ↑ «Fratellis win BRIT for British Breakthrough Act - NME». nme.com. 14. februar 2007. Henta 9. januar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «The Fratellis» frå Wikipedia på svensk, den 4. mars 2024.