Wikipedia-diskusjon:Pressemeldingar/25 000 artiklar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fleire tusen skribentar har vore med på dugnadsarbeidet..., det har me vel ikkje dekning for? Statistikken seier noko over tusen. --Ekko 00:42, 12 august 2007 (CEST) 2 724 registrerte brukarnamn i fylgje statistikken, det blir mindre enn fleire tusen, men meir enn noko over tusen. Anders 01:54, 12 august 2007 (CEST)

Hm, kor fann du den statistikken? --Ekko 09:01, 12 august 2007 (CEST)
Det står mellom anna øvst på Siste endringar sida, med lenkjer til meir statistikk. --Frokor 09:16, 12 august 2007 (CEST)
Slik går det når ein har ein stor nase, det kan gjøyme seg mykje rett under han. Eg såg på Meir statistikk, og har tydelegvis mistolka tabellen der. --Ekko 09:23, 12 august 2007 (CEST)
Men det må jo seiast at sjølv om det er registrert opp mot tre tusen brukarar, så ligg me jo berre på rundt 250-290 unike bidragsytarar kvar månad. Og av desse er rundt 50-70 aktive, dvs. har medverka med meir enn 5 artiklar. I år har talet på særs aktive brukarar (100 artiklar i månaden) vore på mellom 13 og 22 brukarar i månaden. Så eg kan tenke meg at det ikkje er særleg meir enn 50-100, som har medverka til å nå 25 000. Men det visste me vel eigentleg frå før, me (i alle fall eg) kjenner jo igjen dei som medverkar i vesentleg grad. --Frokor 09:35, 12 august 2007 (CEST)
Ikkje skriv noko anna enn vi kan innestå for. Vi skulle gjerne vore fleir, det er ikkje gale om det kjem fram. Men kor mange som har vore innom og gjort ei lita endring i artikkelen om heimbygda si, det veit vi ikkje. - Knut 09:43, 12 august 2007 (CEST)
Så vidt eg kan sjå her har det vore 117 brukarar som har medverka med minst 50 artiklar. Så estimatet mitt må kanskje oppjusterast :-) --Frokor 09:52, 12 august 2007 (CEST)