Hopp til innhald

Bjorli stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjorli stasjon

Bjorli stasjon i 2009
Foto: Zzrbiker
Stasjonsområde
Stad Bjorli i Lesja kommune
Distanse 399,84 km frå Oslo sentralstasjon
Høgd 574,7 moh.
Opna 21. november 1921
Arkitekt Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Gerhard Fischer
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Overgang
Kart
Bjorli stasjon

Bjorli stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabana, opna i 1921. Stasjonen ligg i sentrum av bygda Bjorli i Lesja kommune, på grensa mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen, 55 kilometer nordvest for Dombås. Bjorli var endestasjon på Raumabana i to år, inntil bana vart forlenga til Verma i november 1923. Alle regiontoga på Raumabana stansar på Bjorli. Turisttoga frå Åndalsnes har endestasjon her kvar sumar.

Bjorli stasjon er i sin heilskap administrativt verna.

Passasjertal[endre | endre wikiteksten]

I 2011 reiste om lag 13 000 passasjerar til og frå Bjorli.[1]

Trafikale høve[endre | endre wikiteksten]

Bjorli har fire spor. Framfor stasjonsbygninga er eit hovudtogspor med plattform, dessutan eit 313 meter langt kryssingsspor med ei lita plattform i vestre ende. Frå hovudtogsporet går eit 75 meter langt sløyfespor til ei lasterampe og sør på stasjonstomta går eit lengre buttspor til svingskiva og tomta til den tidlegare lokomotivstallen.[2]

Stasjonsmeisteren på Bjorli hadde ansvaret for dei mindre nabostasjonane Lesjaverk og Lesjaskog.[3]

Ein kilometer aust for stasjonen låg sidesporet til Bøvermoen grustak, der det meste av grusen til baneanlegget vart teken ut. Sidesporet vart lagt ned på 1980-talet.[4]

Bjorli utvekslar togmeldingar med Dombås og Åndalsnes, og er den einaste mellomstasjonen på Raumabana som er fast betent med togekspeditør per 2024.

Betening[endre | endre wikiteksten]

Bjorli var ein stor og viktig stasjon som var betent med stasjonmeistrar inntil tittelen vart erstatta med avdelingsleiar på 1980-talet.[5]

  • Tore J. Moen, f. 1897, bestyrar frå 15.11.1921 til 19.11.1923
  • Carl Gustav Romsaas, f. 1882, frå 11.12.1924
  • Sigurd S. Løken, f. 1885, frå 8.1.1930
  • Jon Johansen Østby. f. 1892, frå 8.5.1935
  • Johan Eriksen, f. 1892, frå 26.7.1939
  • Axel Marius Marsten, f. 1895, frå 19.5.1949
  • Leif Arvid Hoel, f. 1903, frå 26.11.1953
  • Kristian Andresen, f. 1898, frå 9.10.1958
  • Kåre Magnar Næss, f. 1914, frå 19.2.1962
  • Ole S. Andersen, f. 1922, frå 2.2.1977
  • Oddvar Uhlen, f. 1929, avdelingsleiar frå 1.5.1984
  • Bjørn Alnes, f. 1944, jernbanefullmektig frå 1993

Unntaksprosedyre på Bjorli[endre | endre wikiteksten]

På Bjorli finst ein spesiell unntaksprosedyre der to tog kan køyre i same retning på ei bane som ikkje er betent. Eit tog i retning Åndalsnes kan etter at det har kome fram til innkøyrssignalet på Bjorli, sette ut ei signalskive som varslar om at eit tog er inne på blokkstrekninga. Når togførar har sett opp signalskiva og ringt og orientert Dombås stasjon, får toget løyve til å fortsette i retning Åndalsnes, medan neste tog får løyve til å køyre fra Dombås. Når det siste toget kjem fram til Bjorli og signalskiva, må togførar ringe Dombås for å høyre kor det fyrste toget er. Viss toget er kome fram til Åndalsnes, kan signalskiva takast ned og toget kan køyre vidare mot Åndalsnes stasjon. På dette viset kan to tog køyre i same retning, men på to ulike blokkstrekningar, utan at nokre stasjonar treng å vere betent.

Stasjonsmeisteren på Bjorli hadde ansvar for dei mindre nabostasjonane Lesjaverk og Lesjaskog.[6]

Ein kilometer aust for stasjonen låg sidesporet til Bøvermoen grustak, der mesteparten av grusen til baneanlegget vart henta. Sidesporet vart lagt ned på 1980-talet.[7]

Bjorli er den einaste mellomstasjonen på Raumabana som er fast betent med togekspeditør. Stasjonen utvekslar togmeldingar med Dombås og Åndalsnes.

Stasjonsbygninga[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygninga er teikna av Gudmund Hoel og Gerhard Fischer ved Jernbanens arkitektkontor. Byggetida var frå 1918 til 1921, kravde 26 883 arbeidstimar og kosta 117 062 kroner. Heile stasjonsanlegget kosta 532 069 kroner.[8]

Bygninga er større og har ei noko anna utføring enn dei andre stasjonane langs bana.[9] Bygningskroppen er reist av maskinlafta tømmer kledd med liggjande trepanel og bindingsverk i gavlane. Taket er tekt med skifer. Inngangen til venterommet og gavlvindauga i vestre ende og godshuset er ramma inn med ornament i nyrokokko. Endeveggen i aust har doble sett med vindauge i kvar etasje. Godshuset er i ei einetasjes sidefløy.

Stasjonsbygninga har to etasjar og kjellar. I fyrste etasje var det ekspedisjonsrom, telegrafistrom, godsrom og eit stort venterom med kafé. Ekspedisjonsrommet hadde eit utbygg mot plattforma med plass for innvendig stillverk. I andre etasje var det tenestebustad med inngang frå baksida og frå 1946 overnattingsrom for beteninga. I kjellaren var det rom for lagring av brensel og mat, og eit bryggarhus for klesvask. Kaféen vart bygd om til kvilerom og garderobe for baneavdelinga i 1975.

Andre bygningar[endre | endre wikiteksten]

Bygningsmassen på Bjorli omfatta ein privétbygning, svingskive, garasje, vedskur, to vaktarbustader med uthus og eit vasstårn med pumpehus. Vasstårnet er kvadratisk med pyramidetak og bygd i betong forblenda med fuga natursteinsmur. Tårnet vart bygd med ekstra høgd for å kunne pumpe vatn opp til andre etasje i stasjonsbygninga. Då bana opna hadde Bjorli ein lokomotivstall i tre som var meint å brukast førebels, men som vart ståande i fleire år.[10]

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

NSBs bygningsregistrering i 1981 vurderte stasjonsbygninga til å vere i god stand, men av middels verneinteresse. Vasstårnet var i god stand og vart vurdert som prioritert verneklasse.

I Verneplan for jernbanebygninger (1993) vart vasstårnet og, etter innspel frå Norsk Jernbaneklubb, det tilhøyrande pumpehuset administrativt verna.[11]

Utanom vasstårnet og pumpehuset vart ingen bygningar på Bjorli nemnde i Nasjonal verneplan (2004), men stasjonen er seinare administrativt verna. Vernet omfattar heile stasjonsanlegget med indre og ytre sikringsanlegg, bygningar, sporplanar m.v. All infrastruktur som er naudsynt for å køyre tog med damplokomotiv skal vere i operativ stand. Stasjonsbygninga, godshuset, vasstårnet, pumpehuset, svingskiva og dei tre funksjonærbustadane er alle verna.[12]

Strekningsvern Bjorli - Åndalsnes[endre | endre wikiteksten]

Den 58 kilometer lange strekninga frå Bjorli til Åndalsnes vart foreslege verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) på grunn av banas spektakulære plassering og hennar velbevarte, opprinnelege preg. Verneklassa var kategori C; bane med aktiv drift kor moderne togdrift skal ta omsyn til kulturminnet.[13]

«

Vernevurdering (utdrag)
Raumabanen er en av Norges tidligste og fremste turistbaner. Allerede fra åpningen ble det satset på turisme, og strekningen Åndalsnes - Bjorli var velegnet for ekstratog for reisende med cruiseskip som la til i Åndalsnes. Landskapet er på hele strekningen dramatisk. "Verma-avsnittet" er spektakulært, med vendesløyfen, Kylling bro og Vermafossene som de største attraksjonene. Her er det konstruert og bygget jernbane gjennom et landskap som i utgangspunktet er helt uegnet for jernbanebygging.

Raumabanen viser i hovedsak et norsk jernbaneanlegg anno ca. 1920, bygget med datidens teknikker, utstyr og materialbruk. Anlegget er dessuten gjennomført på en forbilledlig måte hva terreng tilpasninger og formgiving av elementene angår. Banen representerer "steinepoken" ved de norske jernbaner. Tunnelportaler, forstøtningsmurer, kulverter, stikkrenner og broer er alt sammen kunstferdig oppmurt av lokal stein, noe som gjør at baneanlegget framstår som en helhet. Ytterligere ett element som beriker strekningen i jernbanehistorisk sammenheng er den intakte stolpekursen.

»

Restaurant[endre | endre wikiteksten]

På Bjorli stasjon vart det mellom 1925 og 1927 bygd ein stor jernbanerestaurant med plass til 700 spisegjestar. Han var hovudsakleg berekna på turistar som kom med turistskip til Åndalsnes, og som vart frakta vidare til Bjorli med tog gjennom den vakre Romsdalen. På restauranten fekk dei servert laks og jordbær, sjokoladekake og fyrstekake. Restauranten brann ned og vart aldri bygd opp att etter å ha vorte råka av ei bombe i april 1940.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}. s. 7. 
  2. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 106. 
  3. Noregs Statsbanar (1980). Trykk 802. Tjenesteskrift utgitt av Norges Statsbaner. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra 01.01.1980 (PDF). s. 53. 
  4. Noregs Statsbanar (1982). Tjenesteskrift utgitt av Norges Statsbaner, trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Rettelsesblad nr. 2. Gjelder fra 1. Januar 1982 (PDF). s. 53. 
  5. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabanen. s. 141-142. ISBN 82-91317-01-1. 
  6. Noregs Statsbanar (1980). Trykk 802. Tjenesteskrift utgitt av Norges Statsbaner. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra 01.01.1980 (PDF). s. 53. 
  7. Noregs Statsbanar (1982). Trykk 802. Tjenesteskrift utgitt av Norges Statsbaner. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Rettelsesblad nr. 2. Gjelder fra 1. Januar 1982 (PDF). s. 53. 
  8. Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 102. 
  9. NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. 
  10. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. s. 141. ISBN 82-91317-01-1. 
  11. Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Revidert opptrykk 1993. s. 43. 
  12. Lesja kommune (2019). Tematisk kommuneplan for kulturminne i Lesja kommune. s. 27. 
  13. Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del I. Strekningsvern. s. 2, 56-58. 
  14. Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. s. 139. ISBN 82-91317-01-1. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]