Lesja kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lesja kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Lesja
Areal 2 259 km²
 - land 2 175 km²
 - vatn 84 km²
Folketal 1 983  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Mariann Skotte (Sp)
Kommunenr. 3432
Kart
Lesja
62°12′38″N 8°38′41″E / 62.210555555556°N 8.6447222222222°E / 62.210555555556; 8.6447222222222
Wikimedia Commons: Lesja
Nettstad: www.lesja.kommune.no

Lesja kommune er ein kommune i Innlandet. Kommunen grensar i nord til kommunane Molde, Sunndal og Oppdal, i aust til Dovre, i sør til Vågå og Lom, i sør og vest til Skjåk, og i vest til Rauma. Ein person frå Lesja vert kalla ein lesjing.

Busetjing[endre | endre wikiteksten]

Lesja bygdemuseum
Foto: Gunhild Hansen
Bjorli stasjon

Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgd langs Raumabanen og E136. Dei fleste innbyggjarane bur i grendene Lesja, Lora, Lesjaverk, Lesjaskog og på Bjorli.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i kommunen er landbruk. Nær 30 % av dei yrkesaktive i kommunen arbeider innan jordbruk. I dei siste tiåra har turisme vorte meir og meir viktig. Utbygging av hytter har skjedd på Bjorli og området rundt Lesjaskogsvatnet. Bjorli skisenter er eit viktig trekkplaster for sunnmøringar og romsdalingar. Om sumaren køyrer NSB turisttog frå Åndalsnes til Bjorli. Avisa Vigga er lokalavis for Lesja og Dovre kommunar.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jarnbana Raumabanen og hovudvegen frå Austlandet til Sunnmøre og Romsdal, Europaveg 136, går gjennom kommunen. Toga stoggar på Bjorli stasjon[1] og om det trengst på Lesja stasjon[2] og Lesjaverk stasjon[3]. Det er ikkje togstopp på den nedlagde Lora stoppestad[4]. Stasjonsbygga på Bottheim og Lesjaskog er fjerna[5][6]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Størsteparten (82 %) av kommunen ligg over 900 m. over havet. Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgd langs Raumabana og E136. Mykje av fjellterrenget ligg over 1500 m o.h., med dei høgaste toppane i sørvest (t.d. Gråhø (lokalt namn Løyfthøe) 2014 m o.h. og Digerkampen 1956 m o.h.) og i nordaust (Storstyggesvånåtinden 2209 m o.h.). Platåbreen Storbrean på grensa mot Skjåk er den største isbreen i kommunen, det er mange andre mindre brear og fonner som gjer at vassføringa i dei fleste vassdraga er jamn gjennom heile sumaren. Sidedalene Lordalen og Dalsida har vore viktige for setring i lang tid. Aursjøen på Dalsida vart demt opp i 1953.

Lesjaskogsvatnet ligg i kommunen, dette vatnet har to utløp som utgjer byrjinga på elvane Gudbrandsdalslågen og Rauma.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Lesja har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme sumrar og store skilnader mellom dag- og nattetemperatur i sumarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gjevne i tabellen nedanfor.

Normaler for Lesja (572 moh.)[7] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturnormal (°C) −9,2 −8,3 −4,1 0,7 6,6 10,6 12,2 11,1 6,8 1,8 −4,0 −8,1 1,3
Nedbør (mm) 35 27 24 15 20 40 50 42 37 40 35 45 410

Lesja har kulderekorden for Oppland fylke. På Lesjaskog vart det målt −45,0 grader 6. januar 1982. [8]

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Hovudgarden på Lesja jernverk året 1752. Eigar Hans Holmboe d.y.

Tusenårsstaden i kommunen er Tunstugu som ligg på Lesja bygdemuseum. Stova rommar kafé og utstillingslokale for museet. I mange samanhengar er dette storstova i bygda, som blir nytta til bryllaup, gravferder, store arrangement osb.

Venskapskommune[endre | endre wikiteksten]

Lesja kommune inngjekk den 29. oktober 2006 ei venskapsavtale med Marijampole kommune i Litauen.

Kjende lesjingar[endre | endre wikiteksten]

Verdt å sjå i Lesja kommune[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bane Nor. Bjorli stasjon. Henta 2017-02-28
  2. Bane Nor. Lesja stasjon. Henta 2017-02-28
  3. Bane Nor. Lesjaverk stasjon. Henta 2017-02-28
  4. Rom eiendom. Lora stasjon Arkivert 2017-03-01 ved Wayback Machine.. Henta 2017-02-28
  5. Fylkesarkivet i Oppland. Lesjaskog stasjon. Henta 2017-02-28
  6. Fylkesarkivet i Oppland. Bottheim stasjon. Henta 2017-02-28
  7. eklima.no
  8. Værviggo, arkivert frå originalen 9. mars 2009, henta 4. desember 2010 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kjelland, Arnfinn. Bygdebok for Lesja. Lesja: Lesja kommune (3 bd.).  [1987–96]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]