Faxe kommune

Koordinatar: 55°15′14.677″N 12°5′45.409″E / 55.25407694°N 12.09594694°E / 55.25407694; 12.09594694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°15′14.677″N 12°5′45.409″E / 55.25407694°N 12.09594694°E / 55.25407694; 12.09594694

Faxe kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Danmark
Region Sjælland
Adm.senter Haslev
Areal 404,90 km²
Folketal 37 753  (2024[1])
Folketettleik 93 / km²
Borgarmeister Ole Vive
Kommunenummer 320
Kart
Faxe kommune
55°16′00″N 12°12′00″E / 55.266666666667°N 12.2°E / 55.266666666667; 12.2
Wikimedia Commons: Faxe Kommune
Nettstad: www.faxekommune.dk

Faxe kommune er ein kommuneSør-Sjælland, i Region Sjælland i Danmark. Den har eit areal på 404,90 km² og har 37 753 innbuarar i 2024.

Faxe kommune vart skipa ved Kommunalreformen i 2007 ved å slå saman dei tidlegare kommunane Haslev kommune, Fakse kommune og Rønnede kommune. Rådhuset i den noverande Faxe kommune ligg i Haslev, som er hovudbyen i kommunen, medan byrådssalen ligg i det rådhuset i den vesle byen Rønnede som høyrde til den tidlegare Rønnede kommune.

Faxe Bryggeri, eit av dei mest kjende av dei danske ølbryggeria, skipa i 1901, ligg i byen Faxe i kommunen.

Namnet Faxe (Faxæ, Faza) er gamalt nordisk opphav og tyder man på hest. Namnet kan ha å gjere med at den vesle byen Faxe, som tidlegare vart skrive Fakse og har gjeve namnet åt kommunen, ligg på eit lite høgdedrag som kan ha vore samanlikna med nakken på ein hest.

Det høgste naturlege punket på Sjælland ligg i Faxe kommune og er ei høgd med namnet Kobanke på 122,9 meter over havet i nærleiken av byen Rønnede, slik det vart slege fast ved målingar i 2007. Tidlegare var Gyldenløves Høj ved byen Ringsted halde for å vere Sjællands høgste punkt, men den naturlege delen av denne høgda vart i 2007 målt til 121,3 meter over havet. Medrekna ein kunstig haug oppå Gyldenløves Høj, er likevel denne høgda på totalt 125,5 meter det høgste punktet på Sjælland.

Borgarmeistrar[endre | endre wikiteksten]

  • Ole Vive (V) 2018–
  • Knud Erik Hansen (S) 2010–2017
  • René Tuekær (Lokal liste) 2007–2009[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «De Kommunale Nøgletal» (på dansk). Indenrigs- og Sundhedsministeriet. Henta 18. mai 2024. 
  2. Ulrik Kjær; Niels Opstrup (2018), Danske borgmestre 1970-2018 (PDF) (på dansk) 2018 (33), Syddansk Universitet, Wikidata Q111669101