Odsherred kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odsherred kommune
kommune
Land  Danmark
Region Sjælland
Adm.senter Højby
Areal 354,10 km²
Folketal 32 605  (2024[1])
Folketettleik 92 / km²
Borgarmeister Karina Vincentz Andersen
Kommunenummer 306
Kart
Odsherred
55°55′53″N 11°39′43″E / 55.931388888889°N 11.661944444444°E / 55.931388888889; 11.661944444444
Wikimedia Commons: Odsherred Kommune
Nettstad: http://www.odsherred.dk/

Odsherred kommune er ein kommune på Sjælland i Danmark som frå 1. januar 2007 høyrer til den nydanna Region Sjælland. Kommunen har 32 605 innbyggjarar (2024).

Odsherred kommune omfattar dei tre tidlegare kommunane Dragsholm, Nykøbing-Rørvig og Trundholm.

Kommunesenteret ligg i Højby, men den største byen er Nykøbing. Andre byar er Fårevejle Stationsby, Fårevejle Kirkeby, Asnæs og Vig.

Namnet Odsherred kjem frå Sjællands Odde (heradet med odden) som i nord dannar Hesselø Bugt i Kattegat. Frå Odden er det ferjesamband med Århus og EbeltoftJylland. Lengst vest i kommunen ligg Dragsholm slott. Det er ein kortbaneflyplass ved Højby.

Venskapskommune[endre | endre wikiteksten]

Lokaldemokrati[endre | endre wikiteksten]

Ved kommunevalet den 15.november 2005 fekk Socialdemokraterne 36,4 prosent av røystene. Venstre fekk 33,6 prosent medan ingen av dei andre partia oppnådde meir enn 7,0 prosent (størst var SF).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «De Kommunale Nøgletal» (på dansk). Indenrigs- og Sundhedsministeriet. Henta 18. mai 2024.