Mangystau oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mangystau
Маңғыстау
oblast
Symbol
Land  Kasakhstan
Hovudstad Aktau
Areal 165 642 km²
Folketal 596 706
Tidssone UTC +5
Postnummer 130000
Kart
Mangystau oblast
43°52′00″N 52°00′00″E / 43.866666666667°N 52°E / 43.866666666667; 52
Wikimedia Commons: Mangystau Region

Mangystau (kasakhisk Маңғыстау облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Aktau.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Oblastet ligg sørvest i landet og inkluderer mellom anna Mangysjlakhalvøya. Det meste av den kasakhstanske kysten av Kaspihavet ligg her. I tillegg grensar oblastet til landa Turkmenistan og Usbekistan. Av grenseoblast finn ein Aktobe oblast og Atyrau oblast. Det har eit areal på 165 600 km². I tida under Sovjetunionen vart det oppdaga petroleumsførekomstar i området og mykje av området vart industrialisert.

Mangystau har mange forskjellige landskap og ørkenland som Den kaspiske senkinga, Ustiurtplatået, Mangysjlak, Kendirili-Kajasan og ørkenar. Det høgaste punktet er fjellet Otpan på 556 meter over havet, medan det lågaste er Karagije, som ligg heile 132 meter under havnivå.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet nord i Mangystau er kaldt om vinteren, særleg på Ustiurtplatået, som hovudsakleg ligg over havnivå. Klimaet er generelt kontinentalt med kalde vintrar og milde somrar. Middeltemperaturen i januar er -3 °C og i juli 26 °C. Det kjem særs lite nedbør i løpet av året, normalt rundt 150 mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mangystau oblast