Tsjimkent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjimkent
Шымкент
by
Land  Kasakhstan
Høgd 506 m
Areal 347 km²
Folketal 1 184 113 (1. oktober 2022)[1]
Grunnlagd 1100-talet
Tidssone UTC +6
Postnummer 160000
Retningsnummer +7 727
Kart
Tsjimkent
42°18′N 69°36′E / 42.3°N 69.6°E / 42.3; 69.6
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan
Wikimedia Commons: Shymkent

Tsjimkent (kasakhisk Шымкент, Sjymkent) er ein by i Kasakhstan. Han var hovudstaden i Sør-Kasakhstan oblast, men vart skilt ut av oblastet i 2018. Han er den tredje største byen i landet etter Almaty og Astana med om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Han er eit stor jernbaneknutepunkt langs jernbaneruta Turkestan-Sibir og eit stort kultursenter. Han ligg 690 km vest for Almaty og 120 km nord for Tasjkent i Usbekistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fjell i utkanten av Tsjimkent.

Tsjimkent vart grunnlagd på 1100-talet som ein karavanserai for å verne byen Sajram som låg 10 km lenger aust langs silkevegen. Tsjimkent voks fram som ein marknad der nomadane gjorde handel med dei fastbuande. Han vart øydelagd fleire gonger, som av Dsjengis Khan, soldatar frå dei sørlege khanata og frå nomadane. Han var ein gong ein del av khanatet Kokand og vart i 1810 ein del av emiratet Bukhara. I 1864 vart han annektert av Det russiske keisardømet. Han vart omdøypt til Tsjernyajev i 1914 og Tsjimkent i 1924.

Namnet på byen kjem frå dei to orda Sjym, som tyder «torv», og Kent, som tyder «by».

Etter Kasakhstan sitt sjølvstende fekk byen det opphavlege namnet Sjymkent i 1993 som ein del av styresmaktene sin plan om å omdøype alle byane til kasakhiske namn. Dette skapte ei fleirtyding i namnet på russisk, sidan dei russiske stavereglane ikkje tillet bokstaven ы å kome etter ш. Derfor vert det nye namnet Шымкент (Sjymkent) berre nytta i Kasakhstan, medan Russland og andre land som nyttar russisk språk nyttar den opphavlege usbekiske stavinga Чимкент (Tsjimkent).

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Byen var tidlegare dominert av gruvedrift etter bly og den industrielle veksten byrja i 1930-åra. Byen fekk då raffineri som handsama sink og bly, pels frå karakulsau, tekstilar, matvarer og medisinar. Byen har òg eit oljeraffineri eigd av PetroKazakhstan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tsjimkent