Vefsnmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamalt postkort av Haukland i Vefsn. Vefsnmålet er dialekta som vert tala i det meste av kommunane Vefsn, Grane, Hattfjelldalen, Leirfjorden, Vevelstad, Alstahaug, Herøy og den sørlege delen av Dønna.
Vefsnfjorden med Mosjøen og Vefsna-dalføret i bakgrunnen. Talemålet i Mosjøen har endra seg mykje etter at industribygginga på 50-talet kom i gang[1]

Vefsnmål eller midthelgelandsk femner dei tradisjonelle nordnorske målføra i dei midtre stròka av Helgeland, dvs. området frå Herøy på kysten til Hattfjelldal mot Svenskegrensa i aust, og området kring Vefsnfjorden og langs Vefsnavassdraget.[2] Byen Mosjøen har hatt stor tilflytting etter Mosjøen Aluminiumsverk vart bygt, noko som har sett sterke spor på målføret.[1]

Målmerke[endre | endre wikiteksten]

Vilhjelm Riksheim skriv i avhandlinga si Ljodvokstren i Vefsnmålet at "Vefsnmålet tek på ein måte ein millomplass millom aust- og vestnorsk"[3]. Som nordnorske målføre elles har Vefsnmålet:[4]

  • Høgtone. Setninga byrjar på ein høg tone som dett mot slutten. Dette er eit målmerke nordnorsk har til sams med vestnorsk.
  • Halvhogging (apokope). Orda manglar dei trykklette endestavingane i ymsande grad. Dette har nordnorsk til sams med trøndersk.
  • Bunden form fleirtal av inkjekjønnsord har same ending som hankjønnsorda: husan, fjellan, nøstan.
  • J-klang (palatalisering) av alveolarane n, l, t og d t.d. i mann og kall.

Vefsnmålet har mange målmerke som gjer at det skil seg ut frå andre helgelandsmål, mellom anna:

  • Lenisering. Dette liknar bløytinga ein kjenner til frå sudvestlandet der mat og kake læt som mad og kage. Midthelgelandsmåla har frå gamalt ei liknande ovring, der stemde og ustemde konsonantar kan verta halvstemde: fad̥, mad̥, kag̊æ, ed̥æ, någ̊o.[5]
  • Ingen spor etter jamvekt. Her har både brønnøymålet i sør og ranværingsmålet i nord jamvektsformer som hara (Rana) og maga (Brønnøy). Slike ord har alltid -e i Vefsnmålet.
  • Fri apokope. Der grannemåla har kategoribunden apokope, har Vefsnmålet apokope regulert av setningsrytmiske reglar. T.d. å etæ når verbet er trykksterkt, men å et' når det ikkje har tyngd i setninga.[1]
  • Skilje mellom tonelag 1 og 2, noko som ikkje finst i brønnøymålet.
  • Linn hokjønsbøying. Hokjønsord som på nynorsk endar på -e (t.d. jente, veke) får i midthelgelandsmål endinga -o i bunden eintal, t.d. klokko, jento. I fleirtal får dei endingane -år og -ån, t.d. jentår, jentån.
  • Dativ etter preposisjonar. Som brønnøymålet har Vefsnmålet eigne dativformer av substantiv.

Uttale[endre | endre wikiteksten]

Vefsnmålet har palatalisering i ord som mann og kall, og tjukk-l både av historisk l og norrøn rð, slik at orda stol og bord rimar. I eldre tid fanst det ein spesiell l-lyd frå konsonantsambandet tl[3]. Lyden var kjend berre i nokre få ord, t.d. tahlåt "skrøpeleg, småleg", bihlæ "lita tann" og fahlæ "fatle"[4]. Eit anna særdrag er at gamal kort e går over til a framføre tjukk-l, t.d. halg, alg, fal og val for helg, elg, ferd og verd.[1]

Lenisering[endre | endre wikiteksten]

Lenisering er eit særdrag som skil Vefsnmålet tydeleg ut frå dei andre helgelandsmåla. Lukkelydane p, t, k og b, d, g kan verta halvstemde etter vokalar, noko som liknar bløytinga i sørvestlandske målføre[5]. Tabellen under syner kva stavingar som får samanfall. Ovringa fører til at vokalar vert lengre framfor lange stemde lukkelydar, slik at to ulike ord som rodd og rot læt likeins[3]. For folk som ikkje har dette høyrest begge ut som rot.[4] I tabellen under er K1 bruka om stemde lukkelydar (/p t k/), K2 bruka om stemde lukkelydar (/b d g/), og K3 bruka om leniserte lukkelydar ([b̥ d̥ g̊]).

Døme på lenisering[4]
Austnorsk døme Vefsnmål døme
VK2ː rodd [ɾudː] VːK3 rod̥ [ɾuˑd̥]
VːK1 rot [ɾuːtʰ]

Bymåla i Mosjøen og Sandnessjøen har lenge mangla lenisering. I dag er det berre dei eldste generasjonane, helst dei som vaks opp på bygda, som enno har lenisering i målet sitt.[1]

Ymsing i målet[endre | endre wikiteksten]

Endå om midthelgelandsmåla stort sett kan seiast å vera ein dialekt, finst det skilnader frå stad til stad. Utover Leirfjorden og kystområda er kj-lyden ein affrikat, dvs. uttala nesten som ch i engelsk church[1]. Ein annan skilnad finst i uttalen av den opne ò-vokalen i ord som skot, lov og grofte (bregne). På innlandet er denne ein ø-lyd: skøt, løv og grøfte, medan han er ein å-lyd på kysten: skåt, låv, gråfte. På innlandet er det lang e-vokal i notid av mange sterke verb: fer, grev og dreg. På kysten har desse lang æ-vokal: fær, græv og dræg. Kystmåla har i tillegg fleire kortformer av verb og meir gjennomført dativbruk enn innlandet. Elles er språksystemet stort sett det same i heile midt-Helgeland.[1]

Verbbøying[endre | endre wikiteksten]

I motsetning til grannemåla som har statisk apokope i infinitiv, held verb ofte på infinitivsendinga i vefsnmålet. Endinga vert uttala når ordet står trykksterkt eller når det står på slutten av setninga, men når det står trykklett vert ho apokopert bort.[1] Som dei sørlege nord-helgelandsmåla[1] blir trykklett -a uttala som ein slags . Denne lyden vert ofte skildra som ein mellomting mellom a og æ.[3]

Trykklett stilling Trykksterk stilling
e ska les' ei bok e ska lesæ
no må du et' kako di no må du etæ
ho e go å dans' vals ho e go å dansæ

Elles fylgjer verba stort sett nynorsk mønster:

Døme på verbbøyingar[4]
Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
Sterke verb å far(æ) fer fór ha føre/fare
å finnj(æ) finnj fannj ha funnje
A-verb å kallj(æ) kalljæ kalljæ ha kalljæ
å fløtt(æ) fløttæ fløttæ ha fløttæ
E-verb å døm(æ) døm(e) dømt(e) ha dømt
å hør(æ) hør(e) høul(e) ha høurt

Utviklinga i dag går mot stadig meir apokope i infinitiv, slik at infnitivsforma alltid manglar ending. Dette gjeld særleg for bymåla.[1]

Substantivbøying[endre | endre wikiteksten]

Vefsnmålet har to ulike bøyingsmønster for hokjønsord; ei for hokjønsord som i ubunden eintal endar på , og ei for hokjønsord utan slik ending.

Døme på substantivbøying[4]
Eintal Fleirtal
Ubunden Bunden Dativ Ubunden Bunden
Sterke hankjønnsord skog 1skojen 1skojæ 2skogæ 2skogan
søu 1søuen 1søuæ 2søue 2søuen
Svake hankjønnsord 2bakke 2bakken 2bakko 2bakkæ 2bakkan
Sterke hokjønsord bygd 1bygdæ 1bygd'n 2bygde 2bygd'n
år 1åræ 1år'n 2åræ 2åran
dør 1døræ 1dør'n 2dørnæ 2dørnan
Svake hokjønsord 2vekæ 2veko 2veken 2vekår 2vekån
Sterke inkjekjønnsord lam 1lamme 2lammæ lamm/låmm 1lamman/låmman
1vatn 1vatne 2vatnæ 1vatn 1vatnan
2æple 2æple 2æplæ 2æple 2æplan
Svake inkjekjønnsord 2øuæ 2øuæ 2øuæ 2øuår 2øuån
2jartæ 2jartæ 2jartæ 2jartæ 2jartan

Dativ[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt Vefsnmål har restar frå det gamalnorske kasussystemet. Dativformer av substantiv fanst etter preposisjonar, men ikkje etter verb eller adjektiv. Etter preposisjonane i og vart dativ berre nytta ved påstadnemning, t.d. fer i skojen (fer inn i skogen) og fer i skojæ (fer inne i skogen). Dativ fleirtal fanst berre i faste uttrykk, gjerne ved stadnamn: i strøumo, i hålmo. Restar frå ubunden dativ finst i uttrykk som a nyo (av nytt), å nyo (på nytt) og a heilo (av eit heilt stykke), i tillegg til andre meir ålmenne norske uttrykk som i live.[4]

Døme på dativ frå Far etter Fedrane av Reidar Svare:[6]

  • Han gjekk mæ knivæ i ha'nd. «Han gjekk med kniven i handa»
  • Dar oppi bakko fekk n sjå ein hørd-mann så sto og haugd ve. «Der oppi bakken fekk han sjå ein hulder-mann som stod og hogg ved»
  • Han låg mæ rauhuvæ på å nattæ, slik skikkjen va før i ti'n. «Han låg med raudhuve på om natta, slik skikken var før i tida.»
  • Mæ-kvart va dæ så høgt at dæ song i fjellæ. «Stundom var det så høgt at det song i fjellet.»

Særmerkte ord[endre | endre wikiteksten]

Somme substantiv har anna kjøn enn bokmål: ein nebb, ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai, eit botn

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

Målføregranskarar som Sigurd Kolsrud har skildra ordtilfanget i Vefsnmålet som "fornt og merkelegt". Det som truleg er meint med det er at fram til nyare tid har mange "gamle ord" halde seg i målføret. Døme på det kan vera ånnår for ski (norrønt: ǫndurr) eller måg for svigerson (norrøn: mágr)[1]. For gut og jente seier ein tradisjonelt glunt og tøus og kallj og kjæreng/kånæ for mann og kone.

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Personlege Pronomen[4]
Subjekt Objekt Eigedom
1p. eintal e me minnj, mi, mett, mennæ
2p. eintal du de dinnj, di, dett, dennæ
3p. eintal Hankjønn hannj hannj, '(e)n hanjs/hass
Hokjøn ho ho, 'o hinnjes
Inkjekjønn
Refleksiv se sinnj, si, sett, sennæ
1p. fleirtal vi åss vår, vårt, vår (våres)
2p. fleirtal Vanleg dåk(k)er, dågger, dår dåkkers
Vyrdeleg I Ør Ørs
3p. fleirtal di, dei dæres

Formene hanjs, hinnjes og dæres vert ofte bytte ut med hannjes, hennjes og dæmmers i yngre mål. I bymåla har òg dæm vorte vanleg, både som subjekts- og objektsform.[4]

Pronomenet I/Ør var tidlegare bruka i høfleg tiltale, men gjekk gradvis ut av bruk tidleg på 1900-talet. Det vart sett som vanleg folkeskikk å bruka det til besteforeldra sine t.d. Slo I ør, bæssfar? «Slo du deg, bestefar?»[4].

I nyare tid har forma våres teke over for vår/vårt. I det tradisjonelle målføret vart dei bruka som trykksterk form, men seinare har di vorte det vanlege i alle stoder.

Peikande pronomen[endre | endre wikiteksten]

Her og der heiter hér og dar. Tradisjonelt var det skilnad på nære og fjerne peikande pronomen, slik at denne vart sagt om noko som var nærme, og dannæ om noko lengre unna. Om ordet har særleg trykk eller når det står åleine utan substantiv får det endinga -.[4]

Peikande pronomen[4]
Han- og hokjøn Inkjekjønn Fleirtal
Nær Adjektivisk denne dette desse
Substantivisk dennenæ dettenæ dessenæ
Fjern Adjektivisk dannæ dattæ dassæ
Substantivisk dannænæ dattænæ dassænæ

Ofte er det variasjon i vokallengda i desse orda. T.d. kann ein høyra både danæ og dannæ[3]. I nyare tid har uttrykk som denj hær, dæ dær og di hær teke over for dei gamle peikande pronomena.[4]

Spørjeord[endre | endre wikiteksten]

Dei vanlegaste spørjeorda er ke (eldre mål: kve), kem og kor og kvar. Tradisjonelt vart kor berre bruka i tydinga korleis: «kor dæ går?». Ordet hadde mange uttalevariantar, som kår, kør og attpåtil kur, men i dag er kor einerådande[3]. Seinare har andre spørjeord kome inne i dialekten, som korleis, korsn, kersn og keles. I eldre mål fanst formene kvarst for kvar (bm: hvor til, hvor hen), men det vanlegaste i dag e berre kor.[4]

Målprøver[endre | endre wikiteksten]

Forteljingar[endre | endre wikiteksten]

Ivar Aasen var på Helgeland hausten 1846 og studerte dialektene. «Paa Kulstad havde jeg det meget behageligt, og fandt god Anledning til at samle Kundskab om Sproget».[7] Han skreiv ned denne prøva på vefsnmål:

«Her va eingong ein Mann her inne i Vefsna i gamal Ti. Han heite Heming. Dei fortæle, at han hae ein Aannaar, eit Skie, so va saa laga, at naar’n to dæ paa Foten, saa gjekk dæ a se sjøl over Fjell, Hav aa Dalæ mæ ei aabello Drægt, berre saa Kove sto ette. Aa dæ stana ikkje, før’n sjøl ville. Eingong kom ’n vestaan-ette ifraa Brynn-Øyæ paa Skie sit. Den Tiæ ’n la’ aasta’, ha ’n Hun’n sin mæ se. Han kom paa Skie sit neføre brattast Øy-Fjelle aa va framme tre Dage før Hun’n. Daa ’n do, va dar ingjen, so tor’ bruk’ Skie, før dar va ingjen, so kunn’ styr’ dæ. Saa to dei aa la Skjie paa Kjerkje-Lofte, aa Vio vart sett i Kjerkje-Døræ. Dar segj’ dei Skie ligg, aa Vio, so e gjol a Jarn, kann ein sjaa i Kjerkje-Døræ enno.»[8]

Boka Far etter Fedrane: Folkeminne innsamla i Vefsn er ei samling av forteljingar og segner på Vefsnmål. Forfattaren Reidar Svare bruka ein etymologisk stavemåte, slik at samanhengen med nynorsk kunne koma tydelegare fram. Difor er det ikkje alltid at stavemåten samsvarar med uttale. Eit utdrag frå boka er:

«Dæ va ein glunt her i bygden så fekk slek mon i i taus. Men ho vill kje vet a 'n. Ho ha ein annæ fyre. Før detenæ vill han hem se på tausæ. Ein gòng han va mæ Lofotæ, kom han i-lag-mæ ein runar-finn. Og så fekk 'n fi'n te å sæt gan i feskjo. Dæ va å kveld'n mæ di sat å åt, at dæ kom i gan-flogæ og flaug i feskjo. Ho flaug inn i ålbogjen, og fór att og fram inn-punn skinnæ. Dæ gjord så óblettele ondt, at feskjo børde kje. Men så fekk di tak på flogo. Di skynnæ se mæ knivæ og skar ho ut, og fekk ho på varmen. Han, trollbalgjen, så fekk fi'n te å gjer detenæ vart ein mann dæ føld óløkkæ mæ sidan.»[6]

Ordtak[endre | endre wikiteksten]

Desse ordtaka er henta frå Ordsamling frå Vefsn.[9]

  • I lågt tre e dæ lett å kom både opp og ned.
  • D'e i ótid høno ska ut å skitæ.
  • Dar kjem bakardag ette knakardag. (Det vert magrare)
  • Dauden e vess, men dagjen e óvess.
  • D'e dått og sjøllo og lango i møllo. (Det hender sjeldan)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Per Sjåvik (1998). «Dialektane på Helgeland». Årbok for Helgeland. 
  2. Etter Hallfrid Christiansen Norske dialekter, i Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Vilhjelm Riksheim (1921): Ljodvoksteren i Vefsn-målet. Kra.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 Kjell Øksendal: Målføret i vefsnbygdene, i Vefsn bygdebok b. III (Mosjøen 1977)
  5. 5,0 5,1 Øyvind Jenssen. Helgelandsmålet i Leirfjord. 
  6. 6,0 6,1 Reidar Svare (1950). Far etter fedrane: Folkeminne innsamla i Vefsn. Vefsn Historielag. 
  7. Ivar Aasen Dagbøker 1846-50
  8. Om HemingIvar Aasen: Prøver af Landsmaalet i Norge
  9. Halvard Lundestad (2004). Ordsamling frå Vefsn (2 utg.).