... Bob Dylan-songen «Murder Most Foul» i april 2020 vart den første songen hans som gjekk til topps på ei Billboard-liste i USA, 58 år etter den første utgjevinga hans?
... musikkalbumet Chuck av Chuck Berry kom ut i juni 2017, heile 38 år etter det førre albumet hans?
... petrichor er namnet på lukta etter regn og hovudsakleg kjem av aktinobakteriar?
... johannesbrødtre har gjeve opphav til måleininga karat, fordi frøa frå treet har konstant vekt og difor vart nytta av tidlege apotekarar og juvelerar?
... Ma'loula er ein av berre tre landsbyar i verda der den vestlege dialekten av arameisk, som er dialekten som er nærast språket Jesus nytta, framleis vert tala?
... Don Juan Pond i Antarktis er den saltaste innsjøen i verda med eit saltinnhald på 40 %, som gjer at han sjølv i temperaturar ned mot -50 ºC ikkje frys til is?
... Una's Tits, eller «Puppene til Una» på norsk, er det offisielle namnet på to høge, spisse klipper i Antarktis?
... Lambertbreen i Antarktis er den største isbreen i verda med ei lengd på 400 km og ei breidd på 100 km?
... snøballjorda er ein teori om at jorda for opp under éin milliard år sidan kan ha vore fullstendig dekt av is og snø?
... Larsen B-isen, ein over 3250 km² stor isbrem i Antarktis, forsvann på berre tre veker i 2002, etter å ha lege stabil i minst 12 000 år?
... havnivået endrar seg med kring 3 mm per år, noko som er venta å auke raskt i framtida?
... Damestenen veks kvar gong han luktar nybakt brød?
... ein kan sjå eit lys om ein gnir to sukkerbitar mot kvarandre i mørkret, ein effekt kalla triboluminescens?
... måleininga mil stammar frå den romerske måleininga passus eller dobbelskritt, der milia passum syner til «tusen skritt»?
... to forskjellige versjonar av You've Lost That Lovin' Feelin', originalen til The Righteous Brothers og ein versjon av Cilla Black, samstundes låg inne på Topp 5 på singellista i Storbritannia tidleg i 1965?*... vårlauk er ei nemning for matlauk hausta tidleg, før laukdanninga er blitt markert.
... det stod ei flaggstong midt på fotballbanen på Sandvika stadion (tidlegare Kadettangen stadion) den første tida det vart spelt fotballkampar der?
... fram til 1972 fekk ikkje lag frå Nord-Noreg lov til å spele i den norske eliteserien i fotball, og fram til 1. divisjon starta i 1963 heller ikkje lag frå Sogn og Fjordane?
... Okloreaktoren i Gabon er den einaste naturleg kjernereaktoren ein kjenner til og at han for 1,7 mrd. år sidan skapte like mykje energi som eit moderne kjernekraftverk gjer på 10 år?
... Vinson Massif er det høgaste fjellet i Antarktis (4 892 moh), men vart først oppdaga i januar 1958?
... fordi eit takyon, om det finst, flyttar seg raskare enn lyset så kan me ikkje sjå når det kjem, men etter at det har passert vil me kunne sjå to bilete av det som går i kvar sin retning bort frå oss?
... songen «Computer Love» av tyske Kraftwerk frå 1981 vart nytta som grunnlag for melodien i Coldplay-songen «Talk» i 2005?
... det var den engelske legen William Gilbert som på 1500-talet gav namn til elektrisitet, kalla opp etter electron, det latinske namnet for rav?
... Commonwealth Bay i Antarktis er den mest forblåste staden i verda med ein årleg middelvind på 22 m/s (80 km/t, liten storm) og vindar ofte over 66 m/s (240 km/t)?
... eit fransk mannskap som forliste ved og stranda på Crozetøyane i 1887 klarte å feste ei melding til ein albatross, som vart funnen sju månader seinare i Australia? Mannskapet vart likevel aldri berga.
... ein togstasjon meint for Alexandria i Egypt i 1906 feilaktig vart bygd i den tyrkiske byen Dalaman?
... at det finst ein by i Tyrkia som heiter Batman?
... etter å ha leita etter det sidan 1963 vart det 4. juli 2012 stadfesta at Higgs-bosonet er funne i CERN i Sveits?
... Ragundasjön er ein tidlegare innsjø i Sverige som vart tømd på katastrofalt vis i 1796?
... Neft Daşları er ei gruppe kunstige øyar og eit oljefelt i Kaspihavet utanfor Baku i Aserbajdsjan, hovudsakleg bygd opp i 1950-åra, med ein fullt utvikla by?
... det i mineral funnen i Ytterby gruve i Sverige på 1700-talet vart oppdaga ikkje mindre enn sju nye grunnstoff, og at fire av desse, erbium, ytterbium, terbium og yttrium, alle er kalla opp etter gruva?
... grensa mellom Finland og Sverige vart trekt mellom mellom to øyar i Bottenviken i 1809, men at desse øya sidan har vorte til den enkle øya Kataja på grunn av landheving?
... mjølkesjokoladen vart oppfunnen i Vevey i Sveits av Daniel Peter i 1875?
... slaget ved Almansa under den spanske arvefølgjekrigen truleg var det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane kommandert av ein franskmann kjempa mot dei franske styrkane kommandert av ein brite?
... det amerikanske folkrockbandet Buffalo Springfield vart kalla opp etter produsenten av ein dampvegvals som tilfeldigvis stod utanfor huset til eit av bandmedlemmene?
... den kanadiske rockeartisten Neil Young i 1983 vart saksøkt av Geffen Records fordi han ikkje høyrtes ut som Neil Young?
... den norske presten Mikkel Escholt, som levde på 1600-talet, var den første i verda til å bruke ordet «geologi» i den moderne tydinga av ordet?
...den heilage Hallvard ifølgje soga vart drepen med tre pilar og søkkt med ein mylnestein om halsen, men flaut seinare opp med frisk hud og ein levande vidjekvist ved halsen?
... songen «Happy» av The Rolling Stones hovudsakleg blei skriven i ein villa sør i Frankrike og spelt inn i kjellaren?
... Windows 1.0 var første forsøket til Microsoft på eit grafisk brukargrensesnitt for PC som kunne køyre fleire oppgåver (såkalla multitasking) samstundes?
... garden Listveiten på Radøy var delt opp til sju småbruk frå 1800-talet før han etter 1950 på nytt blei samla til eitt bruk?
... dvergsvana vert rekna som den fuglearten med flest fjør, i gjennomsnitt over 25 000?
... Magas, hovudstaden i Republikken Ingusjetia, er den minste byen i heile Russland med berre 354 innbyggjarar i 2008?
... den minste fuglen i verda er bikolibrien med ein masse på omlag 1,8 gram? Den største kolibriarten, kjempekolibrien, veg ti gonger meir.
... jordsmonnet ved Norilsk i Sibir er så forureina at det er økonomisk forsvarleg å vinne ut førekomstar av platina og palladium frå jorda?
... den spanske admiralen Blas de Lezo vart kalla «halvmannen» (mediohombre) fordi han i tre forskjellige militære slag mista venstrefoten, venstre auga og høgre armen?
... slaget ved Cartagena de Indias i 1741 var den største militære operasjonen til sjøs før D-dagen i 1944 og involverte mellom anna 186 britiske skip?
...songen «Can’t Buy Me Love» av The Beatles var ein av fem singlar av gruppa som samstundes låg på dei fem øvste plassane på den amerikanske singellista i 1964?
...ein av dei varmaste kvite dvergane som ein kjenner til ligg i den planetariske tåkaNGC 2440 (bilete), og at han har ein overflatetemperatur på nesten 200 000 °C?
...oksygenkatastrofen tok livet av nesten alt liv på jorda for 2,4 milliardar år sidan på grunn av det oppstod oksygen, som vart giftige for organismane på den tida, i atmosfæren?
...den totale eksplosive energien utløyst av dei 224 atomprøvesprengingane på Novaja Zemlja tilsvara 265 megatonn TNT, samanlikna med berre totalt to megatonn for samtlege eksplosiva nytta under andre verdskrigen?
...det fanst mammutar på Wrangeløya fram til 1700 f.Kr., dei sistlevande mammutane ein kjenner til?
...Severnaja Zemlja, ei russisk øygruppe nord for Sibir med nokre av dei større øyane i verda, først vart oppdaga i 1913 og dermed vart det siste store landområde som vart oppdaga på jorda?
...Ringnesøyane i den russiske øygruppa Monaøyane er kalla opp etter det norske bryggeriet Ringnes?
...ein reknar med at delar av den 280 000 lysår lange halen til Rumpetrollgalaksen etter kvart vil brekka av og danna nye galaksar som vil krinsa rundt modergalaksen?
...Ceauru er namnet på ein kunstig innsjø i Romania som styresmaktene vart lurt til å tru stod ferdig i 1968 og trass i at han aldri vart bygd så er han framleis teikna inn på kart over området i dag?
...Skulesongboka til Mads Berg er trykt i ein million eksemplar sidan ho fyrste gongen vart utgjeven i 1914?
...vatnet i Engavatnet i Brønnøy stundom kan forsvinne heilt på grunn av grottesystem under vatnet og at dette kan skje så raskt at fisk vert liggande igjen på botn?
...vatnet i Engavatnet i Brønnøy stundom kan forsvinne heilt på grunn av grottesystem under vatnet og at dette kan skje så raskt at fisk vert liggande igjen på botn?
...skipet i domkyrkja i Utrecht kollapsa då byen vart råka av ein tornado i 1674?
...berre fluger av slekta Chiastocheta greier finne vegen mellom blomsterblada slik at dei kan pollinere ballblomen?
...den kunstige øya Ada Bojana på nesten 5 km² i Montenegro vart danna då eit skip sokk ved munningen av elva Bojana og avleiringar samla seg kring skipet?
...somme termofile mikroorganismar som lever i varme kjelder kan veksa ved temperaturar på så mykje som 121°C?
...Valletta, hovudstaden på Malta, berre er den 27. største byen i landet?
...Ġgantija med ein alder på meir enn 5500 år er dei eldste frittståande strukturane, og dei eldste religiøse byggverka i verda, sjølv eldre enn pyramidane i Egypt og Stonehenge?
...hovudbelteasteroide 116 Sirona er kalla opp etter den keltiske gudinna for astronomi?
...hundedagane har fått namnet sitt frå hundestjerna?
...det er påvist at menneskele har brukt eld i minst 300 000 år?
...luxembourgsk geografi, trass i storleiken på landet, er variert og inneheld viktige verneområde?
...vengene til humla ber ho fordi vengene går som propeller som både gir kraftig oppdrift og framdrift. Dette gjer at ho òg kan bere pollenkorger på føtene.
...Liechtenstein og Usbekistan er dei einaste landa i verda utan kyst som grenser til andre land som heller ikkje har kyst?
...namnet på den nye samiske dagsavisa som blir resultatet av samanslåinga av Min Áigi og Áššu vart kunngjort 18.1? Den nye avisa skal heite Ávvir, og ho skal kome ut til Samefolkets dag6. februar.
...den vel tusen kilometer lange elva Tsju i Kirgisistan og Kasakhstan ikkje munnar ut i ein innsjø eller ei elv, men berre tørkar ut på den kazakhstanske steppa?
...Aralsjøen tidlegare var den fjerde største innsjøen i verda, men no berre er 25 % av den opphavlege storleiken og delt i tre mindre innsjøar?