Hopp til innhald

Olav A. Loen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav A. Loen
StatsborgarskapNoreg
Fødd12. juli 1903
Loen
Død

6. juli 1984 (80 år)

Yrkeskribent
Språknorsk

Olav Andreasson Loen (12. juli 19036. juli 1984) var ein norsk bonde og forfattar frå Loen i Stryn. Han skreiv også under pseudonymet Olav Alvheim.

Olav A. Loen er bonde, diktar og granskar. Han har skrive romanar og noveller, skodespel og dikt, dessutan fleire lagsskrifter og utgreiingar om lokalhistoriske emne. I fjor kom ei bok med utgreiingar om ei rad med nynorske diktarar, som kanskje ikkje høyrer til dei store, men som må vere med om biletet av nynorsk litteratur skal bli fullstendig og sant. Såleis har Olav A. Loen vore verksam på mange område. Til dette kjem at han har teke mange tak i lag, organisasjonar og bygdepolitikk. Garden har og kravt sin mann. Om Olav A. Loen kan det ordet høve, at den som har mykje å gjere, han får og mykje gjort.
Reidar Djupedal[1]

Han var formann i Firda Ungdomslag 1950-1955. Han tok også initiativet til Årbok for Nordfjord i 1951, og var redaktør for årboka fram til 1979. Loen har ein stor og variert litterær produksjon.[2][3] I 1970 gav han ut boka Bygda gav diktarsyn, ei samling av 25 korte forfattarbiografiar.[4]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1920 Naar myrkret fell : spel i ei vending (Svorkmo: Frilyndt Ungdom)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1920 Bort frå Guds vegar : forteljing (Breidablikk: Breidablikk)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1922 Ungdoms-elsk : spelstykke og småsoger (Voss: Unglyden)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1922 Magt og æra : spel i ei vending (Voss: Unglyden)
  • 1925 Dragsog : forteljing (Voss: Unglyden)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1924 Livsstrid : forteljingar (Sandane: Firda Tidend)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1924 Elfrid Kjelset (Nordfjordeid: Fjordabladet)  [Trykt som bok under tittelen: Ung elsk (1925)]
  • 1925 Ung elsk (Hamar: Eige forl.) I fulltekst ved nb.no  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1926 Livsval : henne eller dei hine : ein livslagnad : forteljing (Voss: Unglyden)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1926 Ungkarselsk : forteljing (Voss: Unglyden)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1927 Fraa innstengde dalar : forteljingar (Sandane: Firda Tidend)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1927 Vetle Vislie : ein diktarprofil (Sandane: Firda Tidend)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1927-1928 Skatten ved Amazonelva : Einar Berg og Jack Cheeme møtest (Voss: Unglyden)  [Av Lodin Willihause. Utklippsbok]
  • 1927-1928 Livsens spel : forteljing (Hamar: Austland)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1934 Ingrid Vestgarden : ein kvendelagnad (Surna: Heim-veg)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1927 Mot høgda : Nils Aasgards ungdom : forteljing (Sandane: Firda Tidend)  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1943 Ung elsk (Oslo: Fonna) I fulltekst ved nb.no  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim. 2. utg.]
  • 1943 Ingvald Forsberg : ein diktarprofil (Hamar: Norli) I fulltekst ved nb.no  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1946 Taterprinsessa (Oslo: Fonna) I fulltekst ved nb.no  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim.]
  • 1947 Firda ungdomslag gjennom 50 år : festskrift 1896-1946 (Sandane: Laget) I fulltekst ved nb.no  [Skriftnemnd: Olav A. Loen, Leif Arnold Loen]
  • 1956 Ingvald Forsberg : ein diktarprofil : til 70 årsdagen (Bøstad: Evjeberg) I fulltekst ved nb.no  [Utg. under pseudonymet Olav Alvheim]
  • 1958 Trettandedagen (Bøstad: Evjeberg) I fulltekst ved nb.no
  • 1970 Bygda gav diktarsyn : 25 forfattarportrett (Trondheim: Rune) I fulltekst ved nb.no
  • 1971 Stryn kommunale elektrisitetsverk 50 år : 1920-1970 (Sandane: Stryn kommunale elektrisitetsverk) I fulltekst ved nb.no  [Red. av Olav A. Loen]
  • 1977 Harde hender : forteljingar (Trondheim: Rune). ISBN 82-523-0153-3 I fulltekst ved nb.no
  • 1979 Garden og ætta : Sjurebruket : gr. nr. 70 br. nr. 6 Loen i Stryn (Oslo)
  • 1980 Det var deira draum (Trondheim: Rune). ISBN 82-523-0258-0 I fulltekst ved nb.no
  • utan år Kolbein Sterke : sogespel i tre akter ( Uprenta)

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  1. Reidar Djupedal «Ein stad å vere frå, Olav A. Loen og Årbok for Nordfjord» I: Årbok for Nordfjord, 1981
  2. nrk.no Kjende personar i Stryn fødde år 1900-1925 i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
  3. Nettversjon av boka Garden og Ætta, som han gav ut i 1979.
  4. Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]