Anzac-dagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ANZAC-dagen)
Morgonsgudsteneste ved delstatskrigsminnesmerket for Vest-Australia på Anzac-dagen.

Anzac-dagen den 25. april er ein dag til minne om soldatar frå dei australske og newzealandske militæra som har kjempa i krigar. Han er offentleg høgtidsdag i Australia og New Zealand, men også på Cookøyane, Niue, Samoa og Tonga.

Dagen blei først markert til ære for medlemmene av Australian and New Zealand Army Corps (ANZAC) som kjempa i slaget ved Gallipoli under første verdskrigen. Seinare tok ein også med soldatar som hadde kjempa i Frankrike og Belgia, og deretter er alle krigsveteranar blitt æra.

Markeringar på Anzac-dagen kan vera militærparadar, veteransamlingar, minnesgudstenester og kransnedleggingminnesmerke for falne og liknande seremoniar. Det er også vanleg å drikka kaffi med rom, ein såkalla gunfire breakfast som mange soldatar drakk før dei gjekk ut for å kjempa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anzac-dagen