Verkebyll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Abscess)
Hopp til navigering Hopp til søk
Abscess

Ein verkebyll eller ein abscess er ei avgrensa oppsamling av puss i kroppsvev. Ein verkebyll kan oppstå i alle kroppsdelar, og vert som regel forårsaka av ein bakterie-infeksjon. Byllar kan også oppstå på grunn av visse typar sopp og amøbar.[1]

Verkebyllar oppstår når kroppsvev vert infisert og kroppen ikkje klarar å hindra infeksjonen i å spreia seg. Kvite blodlekamar kjem til og samlar seg opp i det infiserte området. Då vert det laga puss, som er samansett av væske, daude og levande kvite blodlekamar, daudt vev og bakteriar eller andre framandelement. Hud-abscessar er synlege, raude, hovne og smertefulle. Verkebyllar i andre kroppsdelar er ikkje like lette å oppdaga, noko som kan føra til komplikasjonar. Det medisinske ordet for pussoppsamlingar i hulrom i kroppen er empyem.[1]

Ein lækjar bør undersøkja verkebyllen for å fastslå om det kjem av eit framandt objekt som har kome inn i kroppen. I så fall kan det vera naudsynt med eit kirurgisk inngrep for å fjerna det framande objektet. Det kan òg vera naudsynt å tømma verkebyllen for puss ved å stikka hòl i han. Pasienten får ofte antibiotika i tillegg, for å hindra vidare bakteriespreiing.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Myrvang, Bjørn (17. juli 2019). «byll». Store medisinske leksikon (på bokmål).