Allsang på Grensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Allsang på grensen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Allsang på Grensen
Fredriksten fortress Norway seen from Halden harbor.jpg
Fredriksten festning, åstad for programma
Sesongar6
Lengd60 min
SpråkNorsk
ProdusentMonster Media
KanalTV 2

Allsang på Grensen er eit underhaldningsprogram som vert sendt på TV 2. Programmet byggjer på det svenske programmet Allsång på Skansen og vert leia av Katrine Moholt. Tidlegare leia ho programmet saman med Tommy Steine, men frå 2010 har ho leia det saman med ulike kjende personar. Programmet tek for seg allsangfavorittar med kjende norske og utanlandske musikarar. Husbandet i programmet er Hans Orkester under leiing av Hans Aaseth. Programmet vert spela inn på Fredriksten festning i Halden i sommarhalvåret.

Allsang på Grensen er produsert av Monster Media og vart sendt for fyrste gong sommaren 2007. Det har gått på TV kvar sommar sidan.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.