Hopp til innhald

Alseanske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alseanske språk
Klassifisering: Alsea
Yaquina
Tala i: USA
Område: Oregon
Talarar: Utdøydd


Utbreiinga til dei alseanske språka på byrjinga av 1500-talet

Alseanske språk er ein språkfamilie som vart snakka ved kysten av det som i dag er Oregon i USA. Språkfamilien består av to språk som begge er utdøydd: Alsea og yaquina. Yaquina vart sist dokumentert i 1884, og alsea i 1942. Den siste brukaren av alsea heitte John Albert.