Den spanske marinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Armada Española)
Emblemet til den spanske marinen

Den spanske marinen (spansk Armada Española) er den maritime delen av det spanske forsvaret og ein av dei eldste aktive marinestyrkane i verda. Armadaen har mellom anna utført bragder i verdshistoria som å oppdage Amerika, utføre den første jordomseglinga og oppdage sjøvegen frå Det fjerne austen til Amerika over Stillehavet (Urdaneta-ruta). I tre hundreår eskorterte den spanske marinen gallionkonvoiane i det omfattande handelsnettverket i Stillehavet frå Asia til Amerika og i Atlanterhavet frå Amerika til Europa. Den spanske marinen av den mektigaste styrken til sjøs i Europa frå tidleg på 1500-talet til midten av 1600-talet, og var ein av dei sterkaste i verda fram til tidleg på 1800-talet.

I 1987 bestod armadaen av 47 300 menneske, inkludert marinesoldatar, av desse om lag 34 000 vernepliktige.[1] I 2002 vart alle greinene av det spanske forsvaret fullstendig omgjort til profesjonelle styrkar.[2]. Dei største basane til den spanske marinen ligg i Rota, Ferrol, San Fernando og Cartagena.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den spanske marinen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]