Examen artium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Artium)

Examen artium er namnet på den endelege prøva eller vitnemålet i det gamle linjedelte gymnaset (vidaregåande skole før ca. 1980). Namnet er avleidd frå latin examen og artes, eigentleg artes liberales, ‘dei frie kunstene’.[1]

Historie i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1883 avla ein examen artium ved universitetet, seinare ved gymnas.[1] Ved innføringa av lov om videregående opplæring av 1974 fall nemninga bort. Nokre av vitnemåla frå allmennfagleg studieretning dei første åra i tradisjonell struktur vart òg skrivne ut som «examen artium». Vitnemål for examen artium blei siste gong skrive uti 1982.[1]

På folkemunne blir det ofte framleis sagt at ein person «har tatt examen artium» når han eller ho har gått ut av treårig vidaregåande skole med allmenne, økonomiske og administrative fag, og har oppnådd generell studiekompetanse (GSK) på denne måten. GSK er ofte eit krav for å få bli tatt opp til høgare utdanning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «examen artium». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.