Berit Soot Kløvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berit Soot Kløvig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. oktober 1920
Roma
Død

1. februar 1975 (54 år)
Gran Canaria

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Far Trygve Thorsen
Mor Botten Soot

Berit Soot Kløvig (27. oktober 19201. februar 1975)[1] var ein norsk bilethoggar og målar. Ho debuterte som målar på Haustutstillinga i 1946. Ho arbeidde også som bilethoggar frå 1958. Ho oppheldt seg mykje på Kunstakademiet frå 1960 til 1964 som elev av Per Palle Storm. Ho laga ein del portrett, men gjekk seinare inn i eksperimentelle og popkunst-inspirerte arbeid, og var ein viktig medlem av kunstnargruppa Park 62.[2] Ho brukte mange kasserte gjenstandar i skulpturane sine, og no blir ho rekna som ein viktig skikkelse i moderne norsk skulptur som virka i ei tid då tradisjonelle arbeidsmåtar frå modell var utbreidde.[3]

Berit Soot Kløvig var dotter av kunstnaren Trygve Thorsen og skodespelaren Botten Soot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Berit Soot Kløvig». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). Henta 15. februar 2020. 
  2. Veiteberg, Jorunn. Hold stenhårdt fast på greia di Kunst og feminisme i Norge 1968-1989. Kunsthall Oslo. 
  3. http://familiar-studio.com, Familiar Studio-. «Profile: Berit Soot Kløvig». Kunsthall Stavanger (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. februar 2020. Henta 15. februar 2020. 

[


[Kategori:Norske bilethoggarar]]