Hopp til innhald

Biologisk slekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Biologiske slekt)

Slekt (latin genus) er ein kategori brukt i den biologiske systematikken. Ei slekt kan omfatta éin eller fleire artar, medan éi eller fleire slekter høyrer til i ein familie.

Slektsnamnet er det fyrste ordet i eit binomisk vitskapleg namn på ein art.[1] Det vitskaplege slektsnamnet har alltid stor førebokstav, og er alltid skrive i kursiv. Om slektsnamnet har vore brukt tidlegare i ein tekst, kan ein forkorta det til førstebokstaven.[2]

  1. «Genus | Definition & Examples | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 2. oktober 2023, henta 13. oktober 2023 
  2. «Slik skriver du artsnavn riktig», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), 10. september 2014, henta 13. oktober 2023 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.