Pusan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Busan)
Gå til: navigering, søk
Busan
Hangul: 부산 광역시
Hanja: 釜山廣域市
RR: Busan Gwangyeoksi
MR: Pusan Kwangyŏksi
by
none
Areal 766 12 km²
Folketal 3 574 340
Busan-gwangyeoksi in South Korea.svg
Wikimedia Commons: Busan
Nettstad: english.busan.go.kr/main/

Pusan, au kalla Busan, er ein by i Sør-Korea, ved Koreastredet. Han er den største hamnebyen i Sør-Korea med eit folketal på om lag 3,2 millionar i 2015. Han ligg søraust i landet i Nakdonggangdalen. Byen ligg 300 km søraust for Seoul.[1]

Pusan har ei stor konteinarhamn og står for størstedelen av utanrikshandelen og ferjetrafikken i landet. Han har allsidig industri med skipsverft, jernbaneverkstad, tekstil-, bil- og gummivarefabrikkar, kjemisk, tre- og papirindustri og høgteknologisk industri.[1]

Byen har fleire universitet og ei rekkje andre utdanningsinstitusjonar. Han har eit historisk og kulturelt museum og mange krigsminnesmerke, mellom anna eit SN-minnesmerke over dei falne i Koreakrigen. Eit stort buddhisttempel i byen blei grunnlagd i 678 og rekonstruert i 1717.[1]

Hamna blei opna for japansk handel i 1876 og for internasjonal handel i 1883. Under Koreakrigen var Pusan den viktigaste forsyningshamna for amerikanarane.[1]

I 2002 var byen vert for Asialeikane og ein av vertsbyane for FIFA-verdscupen i fotball same år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Busan». Store norske leksikon. 11. mai 2016.