Cabincruiser
(Omdirigert frå Cabin cruiser)
Cabincruiser er ein moderne motorbåt som gjev overnattingshøve for ei mindre mengd personar. Ein cabincruiser kan ha fleire lugarar og har vanlegvis stor uteplass. Styreposisjonen er ofte lukka i eige styrehus eller lugar open mot akter Dei fleste cabincruiserar har innanbordsmotor og eit halplanande eller planande undervassskrog. Dette gjer det mogleg å oppnå høgare fart. Det er mange ulike variantar av denne båttypen over heile verda.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Cabincruiser» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2020.