Charleville-Mézières
Utsjånad
Charleville-Mézières | |||
---|---|---|---|
Sentrum av Charleville-Mézières | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Champagne-Ardenne Ardennes | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 31,44 km² | ||
Flatevidd - By |
31,44 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
55 490 1 756/km² | ||
Koordinatar | 49°46′20″N 04°43′11″E / 49.77222°N 4.71972°E | ||
Høgd over havet | 148 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.mairie-charlevillemezieres.fr | |||
Plassering | |||
Charleville-Mézières er ein by og kommune nordaust i Frankrike, og préfecture (hovudstad) i departementet Ardennes, som igjen er ein del av regionen Champagne-Ardenne. Byen ligg ved elva Meuse (eller Maas) og har i dag nærare 60 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kommunen Charleville-Mézières vart oppretta i 1966 av fem tidlegare kommunar som alt danna ein enkel agglomerasjon. Desse kommunane var Charleville, Étion, Mézières (tidlegare préfecture), Mohon og Montcy-Saint-Pierre. Ein annan kommune, Le Theux, hadde alt vorte ein del av Mézières i 1965.