Cuyoøyane

Koordinatar: 10°51′N 121°01′E / 10.850°N 121.017°E / 10.850; 121.017
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cuyo-øyane)

10°51′N 121°01′E / 10.850°N 121.017°E / 10.850; 121.017

Cuyoøyane
øygruppe
Quinilubangruppa i norddelen av Cuyoøyane.
Land  Filippinane
Region MIMAROPA
Fylke Palawan
Folketal 45,718  (2010)
Kart
Cuyoøyane
10°50′41″N 121°02′20″E / 10.8447222°N 121.0388889°E / 10.8447222; 121.0388889
Cuyoøyane på Filippinane.
Cuyoøyane på Filippinane.
Cuyoøyane på Filippinane.
Wikimedia Commons: Cuyo Islands

Cuyoøyane er ei øygruppe på rundt 45 øyar nordaust for PalawanFilippinane.[1] Ho ligg sør for Mindoro og mellom Nord-Palawan og Panay. Den største øya er Cuyo med eit areal på 57 km² og ei lengd på rundt 14 km. Dei 45 øyane og holmane har til saman eit areal på 130 km²..[2] Til saman 45 718 menneske bur på Cuyoøyane.[3]

Kart over øyane i øygruppa.

Cuyoøyane er vidare delt inn i to grupper: Quiniluban-gruppa i nord og Cuyo-gruppa i sør. På dei sørlege øyane ligg dei tre sentera Cuyo, Agutaya og Magsaysay.

Geologisk sett er øyane knytte til hovudøya Palawan. Dei ligg ved vestenden av den vulkanske Luzon-bogen.[2] Cuyo-øya er vulkansk. Dei nordlege Quiniluban-øyane ser ut til å vera opphøgde atollar, men høgdene til nokre av fjelltoppane der tyder på vulkansk løfting. Mange andre øyar i gruppa er fullstendig av korallopphav.[2]

Cuyo er delt inn i tre kommunar:

  • Cuyo (sør og vest)
  • Magsaysay (aust)
  • Agutaya (nord)

Nokre av dei største øyane i øygruppa er:

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Traveler's Companion Philippines 1998 s. 214 Kirsten Ellis, Globe Pequot Press Globe Pequot, 1998
  2. 2,0 2,1 2,2 Frederick L. Wernstedt, Joseph Earle Spencer: The Philippine Island world: a physical, cultural, and regional geography s. 24
  3. «Total Population by Province, City, Municipality and Barangay: as of May 1, 2010» (PDF). 2010 Census of Population and Housing. National Statistics Office. Arkivert frå originalen (PDF) 15. november 2012. Henta 7. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cuyoøyane
Reiseguide for Cuyo Islands frå Wikivoyage