Den rumenske revolusjonen i 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 29. desember 2008 kl. 17:48 av SilvonenBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: ca:Revolució Romanesa de 1989)
Den rumenske revolusjonen i 1989
Del av Den kalde krigen

Rumensk frimerke til minne om den rumenske revolusjonen
Dato 16.-25. desember 1989
Stad Romania
Resultat Revolusjonen lukkast
Ceauşescu og kona avretta
Partar
Nicolae Ceauşescu Forskjellige sjølvstendige leiarar
Tap
1104 dødsfall

Den rumenske revolusjonen i 1989 vart gjennomført i desember 1989. Det byrja med ein demonstrasjon i Timişoara i protest mot regimet sitt forsøk på kneble den fritalande pastoren László Tőkés som høyrte til den ungarske minoriteten i landet.

Demonstrantane vart skoten på og over 70 sivile mista livet. Uroa spreidde seg til andre byar, mellom anna Bucureşti, der Nicolae Ceauşescu vart bua ut under eit massemøte han sjølv kalla inn til 21. desember 1989 utafor bygget til Sentralkomiteen.

22. desember 1989 storma demonstrantar under eit nytt massemøte bygget til Sentralkomiteen og Ceausescu og kona hans måtte rømme i helikopter. Same dag grunnla Nasjonalistisk frigjeringsfront ei ny provisorisk regjering. Ion Iliescu vart president og Petre Roman vart statsminister.

Ceausescu og kona hans vart teke til fange og avretta føre kamera etter ei skinnrettsak 1. juledag i 1989. I dagane etter heldt det fram kampar mellom det hemmelege politiet Securitate i nokre dagar i Bucureşti. Over tusen menneske mista livet i kampane, i tillegg til dei 70 i Timişoara.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Mal:Link FA