Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Социјалистичка Федеративна Република Југославија/Socijalistička Federativna Republika Jugoslavija
Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia

1946–1992
Flagg Våpen
Flagg Riksvåpen
Hovudstad Beograd
Språk Serbokroatisk
Styreform Sosialistisk føderasjon
Historie
 - Oppretta 1946
 - Opphøyrde 1992
Valuta Jugoslavisk dinar

Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia (tidlegare Den føderale folkerepublikken Jugoslavia) var den jugoslaviske staten som eksisterte frå slutten av den andre verdskrigen til 1990-talet då han fall saman under Jugoslavia-krigane. Det var ein sosialistisk stat.

31. januar 1946 vart den nye grunnloven for Den føderale folkerepublikken Jugoslavia vedteke. Den var bygd opp etter mønster av den sovjetiske grunnlova, og etablerte seks konstitusjonelle republikkar og to autonome provinsar, og bestod av Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Makedonia, Montenegro, Serbia og Slovenia. Alle er i dag sjølvstendige statar.

7. april 1969 bytta nasjonen namn frå Den føderale folkerepublikken Jugoslavia til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.