Diskusjon:Lobo Carrasco

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Endring av artikkelnavnet[endre wikiteksten]

Hei! Kan dykk endra artikkelnamnet frå Francisco Carrasco til Lobo Carrasco som stemmer med den engelske, spanske og øvrige titlar. Mvh Sondre --88.91.100.244 3. juli 2020 kl. 14:58 (CEST)[svar]

Mannen heiter Francisco José Carrasco, i norsk allmente vanlegvis nemnd Francisco Carrasco. Søker du i Nasjonalbiblioteket sine digitaliserte samlingar får du godt over 100 funn på Francisco Carrasco i norske aviser, 2 på Francisco José Carrasco og ingen på Lobo Carrasco. Det einaste tilslaget på Lobo Carrasco finst i ein biografi om Diego Maradona. Kallenamn av typen Lobo og Lobo Carrasco er påfunne av anten sportsjournalistar og/eller fotballfans og må oppfattast som reklame for fotballklubb og -spelar. Eit leksikon bør ha eit meir distansert syn og ikkje fungere som kolportørar av den slags føremål. Sjølvsagt kan ein skrive at spelaren vart kalla Lobo av fansen, men personleg finn eg slike kallenamn ofte overflødige då dei tilfører lite innsikt. Tysk wikipedia nyttar Francisco Carrasco. Og mi generelle erfaring med tysk og td engelsk wikipedia er at engelsk wp er mykje meir utsett for propagandaføremål enn tysk wp. --Migne (diskusjon) 4. juli 2020 kl. 10:23 (CEST)[svar]

Lobo Carrasco er no ei omdirigering. Eg ser ikkje noko problem i å følgje tysk-wiki i denne saka. Sju hav (diskusjon) 4. juli 2020 kl. 11:17 (CEST)[svar]
(Han er spansk og spansk-wiki kallar artikkelen "Lobo ...".
Propaganda føremål? Kanskje det er så enkelt at han kallast "Lobo" på spansk fjernsyn.) Sju hav (diskusjon) 4. juli 2020 kl. 11:24 (CEST)[svar]