Diskusjon:Nonsfjellet på Ertvågsøya

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Nonsfjellet)

Kvar finst opplysningar om dette emnet andre stadar?

Eit hovudproblem her er at Nonsfjellet er eit stadnamn som finst i 36 ulike kommunar. Elles er det mange sekundære opplysningar, medan dei primære opplysningane blir hengande litt i lufta. Det at opplysningane ikkje finst andre stader kan òg vera litt problematisk, men med systematisk tilvising til heimelsfolk og oppgraving av skriftlege kjelder kan ein bøte noko på det. Først og fremst vil eg tilrå flytting til artikkelnamnet Nonsfjellet på Ertvågsøya. Deretter er det lurt å laga ei geografisk tydeleg innleiing (Fjellet ligg på austsida av Ertvågøya og grensar til det-og-det fjellet og dalar, elvar osv., det høgaste punktet er 511 moh., uttalen er slik-og-slik...) Så kan dei «mindre harde fakta» komma litt utover i artikkelen. Dette er berre nokre kjappe tankar for no, men eg trur dette skal kunna hjelpe litt for å få aksept for artikkelen. :-) Olve 06:34, 22 april 2007 (CEST)

Eg har no endra noko på artikkelen, men som nybyrjar så kan vel resultatet verta så som så slik i starten. Mykje av innhaldet i artikkelen er det nok ikkje muleg å finna i tidlegare skriftlege kjelder, men eg reknar meg som lokalkjend og god nok kjelde sjølv i denne samanhengen(eg var oppe på Nonsfjellet og Stakkstongmyrane første gongen som 2-åring og eg hugsar det faktisk så vidt endå. Siste gongen eg var der var sommaren 2006). Dette med myrslåtten og Stakkstengene har eg fått fortald både av besteforeldra og foreldra mine. Etter min meining er dette viktig tradisjonsstoff som bør takast vare på, gjerne ein slik stad som her. Finn 23:12, 24 april 2007 (CEST)

Eg er ikkje så mykje meir røynd enn deg på wikipediaen, men har redigert noko slik at omtalen harmonerer med omtalen av andre fjell.- Knut 23:26, 24 april 2007 (CEST)

Takk skal du ha! Finn 01:30, 25 april 2007 (CEST)