Dorothy Tennant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. oktober 2008 kl. 18:49 av NjardarBot (diskusjon | bidrag) (robot: la til skanwiki)
L'Amour Blessé (1895) av Dorothy Tennant.

Dorothy Tennant (18551926) var ein britisk neoklassisistisk målar frå viktoriatida. Ho var fødd i London til ein diplomat-far og studerte under Jean-Jacques Henner.

I 1890 gifta ho seg med den Afrika-oppdagaren Henry Morton Stanley, og då han blei adla ni år seinare fekk ho tittelen Lady Stanley. Dei to adopterte ein son, Denzil. Etter at ektemannen døydde i 1904 redigerte og illustrerte ho sjølvbiografien hans, og er blitt skulda for å ha teke vekk alt snakk om kvinner i livet hans før henne.

Dorothy gifta seg opp att med Henry Curtis i 1907.

Kjelder