Hopp til innhald

Durrës

Koordinatar: 41°19′1″N 19°28′13″E / 41.31694°N 19.47028°E / 41.31694; 19.47028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Durrës
Frå sentrum av Durrës
Frå sentrum av Durrës
Frå sentrum av Durrës
Byvåpenet til Durrës
Byvåpenet til Durrës
Styresmakter
Land
Region
Albania
Durrës
Geografi
Flatevidd 46,3 km²
Flatevidd
 - By

338 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

175 110[1]
Koordinatar 41°19′1″N 19°28′13″E / 41.31694°N 19.47028°E / 41.31694; 19.47028
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Plassering
Durrës kommune innafor regionen Durrës
Durrës kommune innafor regionen Durrës
Durrës kommune innafor regionen Durrës

Durrës er ein by og ein kommune i regionen med same namn i Albania. Durrës er hovudstad i regionen. Kommunen ligg ved kysten i den nordlege delen av landet og grensar i sør til regionen Tirana, i nord til regionen Lezhë. I vest ligg Adriahavet.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Durrës vart slått saman med bykommunane Sukth og Manëz og landkommunane Ishëm, Katund i Ri og Rrashbull.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Durrës.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Durrës 113 249 innbyggjarar, medan dei seks kommunane som i dag utgjer storkommunen Durrës, til saman hadde 175 110 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Durrës hovudstad i distriktet Durrës.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Durrës.[2]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]