Eininga sverdrup
Utsjånad
(Omdirigert frå Eininga Sverdrup)
Sverdrup (etter oseanografen og meteorologen Harald Ulrik Sverdrup) er ei måleeining for volumtransport. Ho vert mest utelukkande nytta i oseanografi til å måle transport i havstraumar. Symbolet for sverdrup er Sv. Ein sverdrup svarar til ein million (106) kubikkmeter pr. sekund.[1] Sv er ikkje ei SI-eining.
Nye studiar viser at vasstransporten i Golfstraumen aukar jamn frå 30 Sv i Floridastraumen til eit maksimum på 150 Sv ved 55. breiddegrad. Til samanlikning er avrenning av ferskvatn frå alle verdas elver rekna til om lag ein sverdrup.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Glossary». Ocean Surface Currents. University of Miami Rosenstiel School of Marine, Atmospheric, and Earth Science. Arkivert frå originalen 12. april 2002. Henta 15. april 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Sverdrup» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2006.