Eléni Vitáli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eléni Vitáli
Fødd19. september 1954 (69 år)
FødestadAten
FødenamnΕλένη Λαβίδα
OpphavHellas
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist
FarTakis Lavidas

Eléni Vitáli[a] (fødd 19. september 1954 i Aten) er ein populær gresk songar og komponist som er aktiv innan fleire musikksjangrar, til dømes gresk pop og rebetiko.

Ho blei fødd inn i ein musikalsk tsigani-familie. Faren Takis Lavidas var santur-spelar, og mora Lucy Karageorgiou song på festivalar. Som barn reiste Vitáli over heile Hellas, og foreldra påverka ho tidleg til å slå inn på ein musikalsk karriere.

Vitáli har samarbeidd med fleire av dei mest kjende utøvarane og komponistane i Hellas.

I 1975 gifta ho seg med musikaren Vangélis Xídi og fekk i 1976 sonen Níko Xídi – han er låtskrivar og musikkprodusent.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gresk skrift Ελένη Βιτάλη

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]