European Border Breaks Awards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

European Border Breakers Awards (EBBA) er ein pris som heidrar ti nye artistar eller grupper som nådde publikum utanfor sitt eige land med det fyrste internasjonalt utgjevne albumet sitt det siste året.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Prisen vart lansert av Europakommisjonen og er ein EU-pris. Nominasjonane og prisutdelingane vert arrangert av Noorderslag Foundation.

Partnarar[endre | endre wikiteksten]

  • Den europeiske kringkastingsunionen (EBU)
  • European Talent Exchange Program (ETEP), som skapar eit nettverk mellom europeiske populære musikkfestivalar, legger til rette for bestilling av europeiske grupper utanfor heimlandet. Dei gir òg informasjon til media om nye europeiske artistar.

Val av vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Artistane eller gruppene som er nominert til prisen er valt på grunnlag av fylgjande kriterium:

  • Suksessen til det fyrste internasjonalt utgjeve albumet i europeiske land utanom heimlandet.
  • Artisten eller gruppa har fått spelt songen sin på ein av radiokanalane som er medlem av EBU.
  • Suksessen til artisten eller gruppa på europeiske festivalar utanfor heimlandet.

Public Choice Award[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2010 har det vore halde ei røysting på Internett som avgjer kven som vinn Public Choice Award (Publikumsprisen).

Showet[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2009 har prisutdelinga funne stad kvart år i januar, under Eurosonic Noorderslag-festivalen i den nederlandske byen Groningen, presentert av BBC-programleiar og musikar Jools Holland. Vinnarane opptrer live under showet og tidlegare vinnarar vert invitert til å opptre att. Showet vert kringkasta av NET3.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

European Border Breakers Awards var eit initiativ frå Europakommisjonen i 2004. Europakommisjonen ynskte å stimulere grensekryssande sirkulasjon av populærmusikk og markere det store musikalske mangfaldet i Europa. Prisen vert støtta gjennom kulturprogrammet til Den europeiske unionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]