Falketind i Jotunheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Falketind)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Falketind på Dovrefjell.
Falketind
fjell
Falketind 1985.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Årdal (Sogn og Fjordane)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 067 moh.
Primærfaktor 175 m
Førstestiging 12.7.1820 (Christian Peder Bianco Boeck, Baltazar Mathias Keilhau, Ole Urdi)
Koordinatar 61°23′4″N 8°5′49″EKoordinatar: 61°23′4″N 8°5′49″E
Wikimedia Commons: Falketind

Falketind (2067 moh.) er eit fjell sør i Jotunheimen. Fjellet vart første gong klatra av Christian Peder Bianco Boeck, Baltazar Mathias Keilhau, og Ole Urdi i 1820. Det var det første fjellet av «alpin karakter» som vart klatra i Noreg. Dei gjekk via Snøggeken (Falkbreen) og nordryggen.

Den gongen heitte tinden Koldedalstinden, men Aasmund Olavson Vinje gav fjellet namnet Falketind over femti år seinare. I etterkant er ekspedisjonen som starta i Øystre Slidre vorte sett på som «oppdaginga av Jotunheimen».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]