Faradaybur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Faradaybur
Eit eksternt elektrisk felt fører til endra ladning i buret noko som vernar volumet innanfor buret mot den ytre spenninga.

Faradaybur er per definisjon eit volum som har ei elektrisk leiande avgrensande overflate. Øskjer av metall er faradaybur. Sidan overflata er elektrisk leiande kan det ikkje oppstå elektriske potensialskilnader mellom stader på overflata. Av den grunn kan det inni volumet ikkje eksistere elektriske felt med opphav utanfrå.

Eit gitternett av metall kan òg kallast ei leiande overflate dersom maskene er små i forhold til bølgjelengda.

Eit faradaybur kan vere frittsvevande eller kopla til noko, i så fall helst til jord. Dersom buret er frittsvevande kan buret (og innhaldet) oppta kva som helst ladning i forhold til omgjevnadene, men det indre volumet blir ikkje påverka.

Ein personbil er eit ufullstendig faradaybur, men i eit torevêr er bilen likevel eit godt vern.

Buret er kalla opp etter Michael Faraday. Han var ein engelsk fysikar og kjemikar. Eininga for elektrisk kapasitet, Farad, stammar òg frå han. Faraday bygde eit slikt bur i 1836 og prova den vernande funksjonen.