Fjodor av Kyrenia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Feodor av Kyrenia)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjodor er ein helgen i den russiske ortodokse kyrkja med minnedag 4. juli. Fjodor var ein biskop i Kyrenia i Hellas som levde då keisar Diokletian regjerte (284-305). Han var ein god skrivar som kopierte mange bøker for kyrkjene.[1]

Sonen hans Lej melde frå til keisarmakta at faren hadde kristne bøker og omvende folk frå heidenskap til kristen tru. Fjodor vart då stilt for retten. Han vart dømd til å gje bort bøkene sine og fornekte Kristus, men nekta å gjere det.Han vart torturert lenge og tunga hans vart kutta av, før han vart teken til fengsel, der han døydde. Folk som var blitt kristna av Fjodor, som kvinenen Lukija og Ieroja, vart òg drepne.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]