Fildiskusjon:Afrika språkfamiliar.png

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg tykkjer me skal halda oss til bruk av filer som er kompatible med GNU FDL slik som de.wikipedia har gjort. Slik vil me med god samvittigheit kunna seia at alt innhald på nn.wikipedia.org har denne lisensen og ikkje berre teksten. cc-by er uheldigvis ikkje kompatibel med GNU FDL. --Guttorm 20. nov 2004 kl. 12:31 (UTC)

Tja - eg er ikkje heilt sikker, lisensen er svært vid (alt me treng gjera er å fortelja kven som laga fila), og me vil gå glipp av mykje godt stoff då. Men det kan vel alltids erstattast, og klare retningslinjer er gode å ha.
Me må i så fall kvitta oss med Fil:Afro-Asiatic.png òg. -- Ranveig 20. nov 2004 kl. 13:30 (UTC)
Einig i at denne lisensen skulle vera vid nok i praksis. Personleg sett eg i grunnen òg pris på at primære forfattar/utformingsnamn blir oppgjevne... Stoffmengd er òg eit viktig argument. Vi bør likevel tenkje grundig over korleis vi skal gjera dette — enkelt er best når dette let seg gjera. -- Olve 21. nov 2004 kl. 03:11 (UTC)

Afroasiatiske språk[endre wikiteksten]

Fin tilretteleggjing, Ranveig! Berre ein liten detalj: Afroasiatiske språk blir helst skrive utan bindestrek på norsk — det er i alle fall kva Nynorskordboka hevdar.[1] -- Olve 21. nov 2004 kl. 03:11 (UTC)

Detaljar, detaljar! Eg føler meg litt dum ettersom eg faktisk fann afroasiatisk og skreiv det i filomtalen, og så gløymde å sjå til sjølve biletet! Men no er det der. -- Ranveig 21. nov 2004 kl. 08:52 (UTC)
Fint!!! :-D -- Beste helsing frå pedantiske Olve 21. nov 2004 kl. 09:42 (UTC)