Fildiskusjon:Arbeidarpartiet partileiar.jpg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette biletet kan nyttast jamfør fylgjande kommentar fra det norske arbeiderparti:

Ny mail til AP gjev dette svaret:

Hei
 
Fotokreditering er Yann Aker/Arbeiderpartiet. Vi kan imidlertid ikke godta at
 bildet blir brukt i kommersiell sammenheng. 
Derfor kan det antakeligvis ikke ligge ute hos dere.

Vennlig hilsen

Ingrid Sagranden
politisk rådgiver 

Arbeiderpartiet 

tlf. 24 14 40 68 
mobil 970 26 472 

-----Opprinnelig melding-----
Fra: Hogne
Sendt: 23. juni 2005 23:11
Til: Sagranden, Ingrid
Kopi: Arbeiderpartiet
Emne: RE: Wikipedia ynskjer å nytta eit bilete av J.Stoltenberg.


Eg er lei for det, men det forrige spørsmålet mitt haldt ikkje etter norsk lov.

Difor må eg spøje omatt. Det er ein stor fordel om me får fotograf eller rettigheitseigars namn.

Er de villige til å skriva under på denne erkleringa ang. biletet slik at arbeiderpartiets sider på Wikipedia blir betre:

 

Eg vil med dette be om løyve til å bruke biletet http://nn.wikipedia.org/wiki/Fil:Arbeidarpartiet_partileiar.jpg
på Nynorsk Wikipedia ( http://nn.wikipedia.org ).
Alle bileta der lyt vera frigjevne under fri dokumentasjonslisens —
det vil seie at bileta kan brukast fritt på alle wikipediaprosjekt
og at alle kan kopiere biletet vederlagsfritt til eigen bruk,
inkludert i kommersiell samanheng, så lenge dei oppgjev kjelda på rett vis.
Vi kan berre bruke dette biletet på føresetnad av at det blir frigjeve
for slik bruk.
 
Fordelen for deg som opphavsretthavar er:
* Du vil bli kreditert som fotograf.
* Biletet vil verke som PR for det saka gjeld.
 
Ser fram til å høyre frå deg!
 
Beste helsing frå oss på Nynorsk Wikipedia (det frie oppslagsverket), ved
 
Hogne Neteland
 

 

-----Original Message-----
From: ingrid.sagranden@dna.no [mailto:ingrid.sagranden@dna.no] 
Sent: 31. mai 2005 10:32
To: Hogne
Cc: dna@dna.no
Subject: SV: Wikipedia ynskjer å nytta eit bilete av J.Stoltenberg.

 

Hei

Du kan berre bruke det bilete du har av Jens Stoltenberg. Det same bilete ligg ute for fri nedlasting til bruk i media på vår heimeside.

Venleg helsing

Ingrid Sagranden
politisk rådgjevar 

Arbeiderpartiet 

tlf. 24 14 40 68 
mobil 970 26 472 

 



 

-----Opprinnelig melding-----
Fra: Hogne
Sendt: 31. mai 2005 00:15
Til: Arbeiderpartiet
Emne: Wikipedia ynskjer å nytta eit bilete av J.Stoltenberg.

Sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Det_norske_Arbeidarpartiet 

 

Bilete av Jens Stoltenberg er her fjerna grunna den opphavsrettslege status

http://nn.wikipedia.org/wiki/Fil:Arbeidarpartiet_partileiar.jpg 

 

No i desse valgkamptider, har de eit bilete me kan nytta på det frie nynorske internettleksikonnet?

 

Venleg helsing Hogne 


Altså me har fått fotografnamnet, og me har fått ein tilatelse til å nytta biltet så lenge det ikkje blir frigitt kommersielt. Har de ikkje ein copyright kode for dette slik at biltet kan nyttast kun på Wikipedia????

Det er jo sjølvsagt, synes eg, at DnA ikkje kan godta at ei pornosjappe eller bleieprodusent skal få nytta biletet i sin reklame. Kva for bilete av kjende folk her ville gått gjennom ein slik kontroll???

Dette er sikraste måten på å bli totalt uinteressant når det gjeld bilete av nolevande aktuelle personar!

Dersom det er turvande, skal eg klara å få ein ny tillatelse kun for Wikipedia-bruk!

Olve, Guttorm, kva meinar de?

Hogne

Hei Hogne,
Ja, det var synd, dette... Men ikkje heilt uventa. Konseptet open programvare kjennest framleis nytt og farleg ut for mange — og kanskje særleg i bedriftar/føretak og større organisasjonar. Men det er betre å få avslaget no enn eit heilt politisk parti på nakken seinare. Elles så er det no berre for politisk interesserte her på Wikipedia å taka turen til opne møte, bruopningar og liknande og taka bilda sjølve... Kan bli mykje moro av det! :-)
Når det gjeld kva ideologi bileta kan brukast til, så trur eg ikkje det er noko i lisensane der enno som seier noko om dette (håpar rettnok eg tek feil der), men det bør no vera ein eller annan måte å formulere lisensen på som gjer at ein kan slå ned på ekstrempolitisk eller krenkjande bruk av bileta. Når det gjeld bruk av portrettbilete til reint reklameformål, så er eg òg usikker på lovgjevinga.
Trur hovudhensikten med lisensane er at ein skal kunna bruke eit bilete eller femti til å illustrere ei bok om sebrabarbering på Vestvågøy eller laga ein reklamefinansiert nettstad om astmatiske tubaistar utan å vera nøydd til å administrere/betala broka av seg. Nokre innspel frå Ranveig eller Arvind hadde vore greitt, men dei er på ferie akkurat no, så vidt eg kjenner til... :-] Olve 27. jun 2005 kl. 2223 (UTC)
Er de sikre på at all kommersiell bruk av eigne bilete av andre personar er fullt lovleg? Eg vil foreslå ein ny regel der det kjem fram at me berre ber om lov til å nytta biletet innan Wikipedia. Hogne 28. jun 2005 kl. 1029 (UTC)
Det ønskjer ikkje eg. Grunnane til dette kan du lesa om på [[1]] i samband med biletet av Leonard Cohen, som har nett ein slik lovnad. Eg er samd med Olve, me bør heller ta oss ut og ta private bilete. På lang sikt (fleire år) er eg sikker på me kan komma til å få dekkja mykje på den måten. Syner til dømes til bilete som dette:
 :) Bjarte 28. jun 2005 kl. 1210 (UTC)
Er du sikker på at det er lovleg å nytta dette biletet komersielt utan at avbilda godkjenner det? Eg ser frå linken at det er fleire som tenker som meg ang bileter der fotografen godtek bruk på Wikipedia, men ikkje tør å sleppe det laus til alle komersielle krefter rundt om i verda. Hogne 28. jun 2005 kl. 1328 (UTC)
Det er to sider av dette: Opphavsrett og personvern. Lisensane gjeld opphavsretten. Personvernet finst det eiga lovgjeving for. Eg trur at personvernet blir teke betre vare på av frie bilete med verdig vinkling enn kommersielle snikbilete som blir villig selde for mange pengar av rovpaparazziar... Trur ikkje du òg det...? :) Olve 28. jun 2005 kl. 1641 (UTC)
Hei
Du kan berre bruke det bilete du har av Jens Stoltenberg. Det same bilete ligg ute for fri nedlasting til bruk i media på vår heimeside.
Venleg helsing

Ingrid Sagranden
politisk rådgjevar 

Arbeiderpartiet 

tlf. 24 14 40 68 
mobil 970 26 472 

 

-----Opprinnelig melding-----
Fra: Hogne
Sendt: 31. mai 2005 00:15
Til: Arbeiderpartiet
Emne: Wikipedia ynskjer å nytta eit bilete av J.Stoltenberg.


Sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Det_norske_Arbeidarpartiet 

 

Bilete av Jens Stoltenberg er her fjerna grunna den opphavsrettslege status

http://nn.wikipedia.org/wiki/Fil:Arbeidarpartiet_partileiar.jpg 

 

No i desse valgkamptider, har de eit bilete me kan nytta på det frie nynorske internettleksikonnet?

 

Venleg helsing Hogne
Me kan berre bruka innhald som er i det fri (/Public Domain), eller innhald der opphavsrettsinnehavaren har gjeve oss (eller andre) rett til å bruka det under GFDL, eller i det minste ein fri lisens. Problemet med dette biletet er at DNA ikkje eingong informerer om kven som i utgangspunktet administrerer/administrerte opphavsretten (dvs. kven som er fotografen), og dei gjev oss ikkje noko fri lisens, men tillatelse til å "berre bruke det bilete du har".
Poenget er at det er ikkje berre du som skal ha tillatelse til å bruka biletet her (på Nynorsk Wikipedia). Det skal kunna brukast under dei vilkåra som er skrivne i lisensen vår, noko som m.a. inneber at alle andre som ynskjer det skal kunna bruka det, distribuera det (gjerne for pengar), og modifisera det -- så lenge dei gjev vidare dei same rettane. Det er dette fridomen i vårt frie oppslagsverk går ut på.
Politikarane (inkl. DNA) har sjølv vore med på å laga lovene som gjer det nødvendig å alltid måtta spørja om lov til alt dersom ein vil at det ein skaper skal vera fritt (og sjølv med løyve er det ikkje enkelt), det er difor fint om dei blir gjort oppmerksame på dette og enten endrar lovene (lite truleg) eller lisensierar innhaldet dei vil ha spreidd under frie lisensar, slik me gjer her. --Guttorm 31. mai 2005 kl. 2211 (UTC)
Det er sjølvsagt ikkje alltid like enkelt for deg og andre moglege bidragsytarar å settja seg inn i slike lisensar, då er det ofte like greit å spørja om noko slikt som får eg og alle andre mottakarar eller brukarar av innhaldet løyve til å bruka det, distribuera det, og modifisera det som me vil, så lenge me gjev dei same rettane på det me distribuerer? Hugs at svaret ikkje har noko gyldigheit dersom det ikkje kjem frå nokon som administrer opphavsretten til innhaldet (normalt skaparen/fotografen/forfattaren) og at det også kan bli komplisert av at han har brukt innhald som andre har opphavsrett til. --Guttorm 1. jun 2005 kl. 1335 (UTC)