Fildiskusjon:Olavsmerket.jpg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opphavsrettsleg status[endre wikiteksten]

Eg ser det er sett på ein mal som seier at den opphavsrettslege statusen til filen er ukjend.

Han er ikkje ukjend, men eg som lasta opp fila veit ikkje kva for mal eg skal bruke for å merke han. Statusen er nett den same som for det norske riksvåpenet, og truleg og den same som for dei norske kommunevåpna, som alle er bruka på wikipedia.

Bruken er regulert etter bestemmelser som seier at merket kan brukast av den norske kyrkja sine organ og som dekorasjon. Eg vil derfor gå ut frå at biletet kan brukast som illustrasjon i artiklar som gjeld den norske kyrkja.

Om denne formodninga er feil, bør illustrasjonen likevel kunne brukast ved omtale av ovalsvsmerket som heraldisk våpen.

Dersom olavsmerket må slettast, må òg det norske riksvåpenet slettast (frå commons). Eg meiner det vil vere feil. Men det kan hende at merket bør slettast frå nokre av artiklane der det er bruka, sjølv om artiklane omtalar forhold knytt til den norske kyrkja (dette gjeld spesielt ved omtale av nokre kyrkjebygg). -Knut 20:52, 17 mai 2007 (CEST)

Problemet er at kyrkja ikkje skriv noko om det opphavsrettslege, og det er det som for meg i første omgang er viktigst. Dersom me i andre omgang skal følgja kyrkja sine krav om bruk så må det vera tufta på krav i lova. På Commons har dei bestemt seg for at våpen ikkje kvalifiserar for opphavsrettsleg vern, utan at eg kan sjå at det er gjeve noko god grunngjeving for dette, det kan difor godt vera at det er ein del våpen som burde fjernast derifrå. brukar:cnyborg refererer faktisk ein sak mellom Hammerfest kommune og BONO som tyder på at våpen har akkurat likt opphavsrettsleg vern (og i tillegg eventuelt anna vern) som andre verk.
Når det gjeld olavsmerka så forsto eg det slik frå kyrkja sine nettsider at dei vart laga for mange hundre år sidan. Så dersom kyrkja sine utgåver ikkje er betydeleg kunstnarleg endra frå siste utgåve av ein "kunstnar" som har døydd for meir enn 70 år sidan skulle det vel vera trygt å merka dei med {{PD}}. Det blir vel å samanlikna med språkleg oppdatering av gamle litterære (1907-riksmål til bokmål til dømes) verk som etter det eg har lest på torvund.no eller annan stad ikkje kvalifiserar til "oppdatert" opphavsrettsleg vern. --Guttorm 22:21, 17 mai 2007 (CEST)
Heraldiske våpen er ikkje frigitt. Andre organisasjonar kan ikkje bruke olavsmerket, dei kan heller ikkje bruke det norske riksvåpenet. Likevel meiner eg vi kan bruke heraldiske våpen i omtale av organisasjonane dei representerer. Akkurat som vi kan bruke logoen til Miljøpartiet dei grøne i omtale av partiet dei grøne, sjølv om korkje namnet eller logoen er frie. - Knut 22:52, 17 mai 2007 (CEST)
Men no snakkar ikkje du om opphavsrett, men om (namne- og) merkerett (eller kva det no heiter), kan me ikkje ta det i ein annan omgang? Logoen til dei grøne brukar me fordi dei visstnok har gjeve oss lov til å bruka den med GFDL, legg merke til at det ikkje er nokon logo på arbeidarpartiet. Nynorsk Wikipedia har (hadde iallfall) same krav til fri lisens på bilete som Wikimedia Commons, dette er i første rekke eit opphavsrettsleg krav. Opphavsrettsleg reknar eg med at våpna kan vera utan vern, sjølv om dei er verna av andre lover (eller eventuelt av spesialparagrafar i den norske smørja av ei opphavsrettslov). --Guttorm 23:11, 17 mai 2007 (CEST)
Dette forstår eg ikkje. Og det er kanskje litt av problemet her. Men på bokmål har tilsvarande fil fått eit merke med teksten Offentlige norske våpen bør flyttes til Commons og merkes med Template:Norwegian coat of arms. Kan det vere ei løysing? Olavsmerket er jo eit offentleg norsk våpen. - Knut 07:11, 18 mai 2007 (CEST)
Det kan vere ei løysing, det er uansett best å ha slikt på Commons, men den malen som ligg der seier at norske våpen ikkje har kvalifiserer til opphavsrettsleg vern, og det hadde vore fint å få fram resonnementet bak den påstanden. --Guttorm 10:17, 18 mai 2007 (CEST)

Lisens ligg på Commons, sjå [Fil:Den norske kirkes våpen.svg] --Knut 9. november 2009 kl. 17:50 (CET)[svar]