Fildiskusjon:Skogkatt.jpg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SKOGKATT:

Historie: Den Norske skogkatten er den mest utbreidde skogkatten i Noreg. Han stammar frå den skandinaviske katten. Katten er kjent for å vere langhåra og vere veldig sosial av seg. Katten blei ikkje temma før vikingane var i Noreg, Sverige og Danmark. Dei var veldig glade i skogkatten , for dei kunne vere ute i snø utan å fryse og dei hadde langt hår, var sosiale og heldt mus og rotter unna. Dei budde saman i skogane i store flokkar, eller i det fri der dei ikkje blei ete av rovfuglar. Dei levde i skogane saman med ungane sine og andre familiemedlemar. Hoa passar ungane heilt aleine, medan hannen parar seg og slæst med andre hannar for å vise seg.

Ungane: Ungane deira er leikne og små. Dei er spretne og ikkje aggressive som mora deira når ho forsvarar dei. Ungane leiker med maten mora skaffar, det er for at dei utviklar jaktdugleik når dei er små. Dei slæst også med kvarandre og mora si. Dei første vekene er dei blinde og kan knapt gå, men når dei er 6 veker gamle, går dei framleis på den mjølka mora laga. Etter1-2 veker så går dei, og får blå augo.


Fakta om skogkattane: Skogkattane er sosiale, rolege, leikne, snille, familievenlege, robuste og treng lite pelsstell . Skogkattane er ein rasekatt, det er Noregs katt, og den er den perfekte inne\ute katt og ein fin familiekatt. Før brukte folk dei på gardane sine for å halde mus vekk. Då dei para seg med andre kattar og dei blei mishandla, heldt rasen på å døy ut mange gonger. Andre kattar har ikkje manke som skogkattane, lang pels eller skjortebryst. Ein skogkatt har underpels til å halde varmen, vatntett overpels, stor krage, bukse, kinnskjegg og skjortebryst. Katten kan også ha alle farger unntatt siamesermønstret. Skogkattane har også lange øyro med ein tufs på toppen som gaupa også har, derfor trudde folk før at det var huskatt blanda med gaupe som skapte skogkatten, men det er ikkje sant. Før så fanst han berre i Noreg, men no er dei verda over.

Pelsstell: Skogkattane treng ikkje mykje pelsstell, skal berre greiast ein gong i veka, og halen skal kun børstast forsiktig mot pelsen for at håra skal halde seg rette og fine og halen busket. Børstast to gonger i røytetida for å unngå flokar og hårballar.