Elva Findhorn
| Findhorn | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Munning | Findhorn Bay | ||
![]() Elva Findhorn 57°37′55″N 3°38′04″W / 57.631863°N 3.634535°W | |||
| Wikimedia Commons: River Findhorn | |||
Findhorn (skotsk-gælisk Uisge Fionn Èireann) er ei av dei lengste elvene i Skottland. Ho ligg nordaust i landet, og flyt ut i Moray Firth på nordkysten. Elva har eit av dei største estuara i Skottland som ikkje er eit firth.



Elva er kring 100 kilometer (62 mi)[1] lang. Nedslagsfeltet er 1 300 kvadratkilometer (500 sq mi).[2]
Findhorn er ei god lakse- og aureelv, og er populær blant fiskarar frå heile verda. Ho er også ei av dei klassiske raftingelvene i Skottland, med graderingar frå 2 til 4 på den internasjonale skalaen for elvepadling.[3]
Løp
[endre | endre wikiteksten]Findhorn har utspring i Coignafearn Forest nord for hovudmassivet i Monadhliath-fjella. Fleire mindre elvar renn saman i nærleiken av Dalbeg bothy (hytte) for å danna elva. Den vestlegaste av desse er Eskin, som renn ned ein lliten dal omkrinsa av toppane Càrn a' Choire Sheilich, på 791 meter (2 595 ft), Càrn nan Làraiche Maoile på 809 meter (2 654 ft) og Càrn na Saobhaidh på 766 meter (2 513 ft). I sørvest tek Abhainn Cro-chlach ei direkte rute langs ein trong og bratt dal som føre vatn frå Carn Odhar na Criche på 895 meter (2 936 ft) og Càrn Bàn på 942 meter (3 091 ft). Dei to vassfara renn saman ved ei lita bru midt i Coignafearn Forest (som er ein skotsk hjorteskog og dermed trelaus). Ein kan rekna dette punktet, rundt 500 meter (1 600 ft) moh., som byrjinga på Findhorn, men mindre enn ein kilometer nedstraums renn Allt Creagach inn i elva ved Dalbeg og deretter er elva utan tvil rekna som Findhorn.[4] Dalen Strath Dearn går ned herfrå i ein sørvestleg retning til elva munnar ut i Moray Firth.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Almanac of Scotland. Henta 9. juni 2018.
- ↑ "River Findhorn". The Findhorn, Nairn and Lossie Fisheries Trust. Henta 9. juni 2018.
- ↑ "River Findhorn - Gorge". The UK Rivers Guidebook. UKRGB. Henta 3. juni 2018
- ↑ Ordnance Survey (2018).
- Denne artikkelen bygger på «River Findhorn» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2023.
- Bibliografi
- «Canmore». Historic Environment Scotland. Henta 2. juni 2018.
- Cochrane, Robert G., red. (1981), Findhorn: A Scottish Village, Findhorn: Thule Press, ISBN 978-0-906191-79-8
- Diack, Francis G. (1921). «Place-Names of Pictland». Revue Celtique (Paris: H. Champion) 38: 109–132.
- Fraser Darling, F.; Boyd, J. M. (1969), Natural History in the Highlands and Islands, London: Bloomsbury, ISBN 978-1-870630-98-6
- Gillen, Cornelius (1993), «Geology and Landscape of Moray Firth», i Sellar, W.D.H, Moray: Province and People, Edinburgh: The Scottish Society for Northern Studies, ISBN 978-0950599472
- Gordon, Richard (1993), The Complete Moray Rambler, Buckie: Richard Gordon "with the assistance of Moray District Council".
- Graham, Cuthbert (1977), Portrait of the Moray Firth, London: Robert Hale, ISBN 978-0709160182
- Isaksen, Leif (2017), The Hilltop Enclosure on Cluny Hill, Forres description, destruction, disappearance (PDF), Lancaster University, henta 28 May 2018
- Lauder, Thomas Dick (1830), An account of the great floods of August 1829 in the province of Moray and adjoining districts, Elgin: R. Stewart
- McKean, Charles (1987), The District of Moray: An Illustrated Architectural Guide, Edinburgh: Scottish Academic Press, ISBN 978-0-7073-0528-8
- Nicolaisen, W. F. H. (1986). Scottish Place-Names: Their Study and Significance. London: B. T. Batsford. ISBN 0-7134-5234-X.
- Ordnance Survey. OS Maps Online (Map). 1:25,000. Leisure. Henta 28 May 2018.
- Oram, Richard D. (1997). Scottish Prehistory. Aberdeen: Centre for Scottish Studies, University of Aberdeen. ISBN 9781874744696.
- Ross, Sinclair (1992). The Culbin Sands: Fact and Fiction. Edinburgh: Birlinn. ISBN 9780906265161.
- Watson, William J. (1926). The History of the Celtic Place-Names of Scotland. Edinburgh and London: William Blackwood and Sons.
- Webster, Mary McCallum (1978), Flora of Moray, Nairn & East Inverness, Aberdeen: Aberdeen University Press, ISBN 978-0900015427
- Werritty, Alan; McEwen, J. Lindsey (January 2007). «The Muckle Spate of 1829: the physical and societal impact of a catastrophic flood on the River Findhorn, Scottish Highlands». Transactions of the Institute of British Geographers (JSTOR) 32 (1): 66–89. JSTOR 4640000. doi:10.1111/j.1475-5661.2007.00232.x.
