Flyfotografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Flyfoto)
Døme på eit flyfotografi.

Eit flyfotografi, eller flyfoto, er eit fotografi teke frå lufta ved hjelp av eit fly, ein varmluftsballong eller annan flygande farkost.

Ferske flyfotografi av landskap er ein kopi av fasiten. Dei er nøyaktige og etterrettelege og har dermed mykje å seia for fleire viktige samfunnsoppgåver både innanfor dokumentasjon, analyser, forsking, vitskap og ikkje minst kartlegging. Moderne kartografar baserer seg i stor grad på flyfoto.

Regelviss flyfotografering gjer det lettare å dokumentera og analysera endringar i terrenget og gjev grunnlag for forsking og kunnskap om utvikling av arealbruk over tid.

Frå og med 2006 vert heile Noreg flyfotografert med jamne mellomrom (omløpsfotografert). Første omløp er planlagt til seks år og skal kosta 42 millionar kroner. Det er Statens kartverk som har gått saman med Norsk institutt for jord- og skogkartlegging og Moderniseringsdepartementet om programmet, og dei tre partnarane vil dekkja halvparten av kostnadene. Den andre halvparten skal koma frå forvaltningssamarbeidet Norge digitalt og frå inntekter frå den kommersielle marknaden.

Den nye fotograferinga vil gje fotogrammetriske stereomodellar (som satellittfoto ikkje kan gje) og orienteringsdata med minst to meters grannsemd for heile landet. Det vert òg laga ortofoto med ei bakkeoppløysing på ein halv meter, som vil verta tilgjengelege på http://www.norgeibilder.no.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]