Hopp til innhald

Forest & Bird

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forest & Bird

Hovudkvarteret til Forest & Bird i Wellington
Skipa1923
HovudkontorWellington
Medlemmer70 000
Nettstadhttps://www.forestandbird.org.nz/ Sjå dette på Wikidata

Forest & Bird (maori Te Reo o te Taiao), formelt Royal Forest and Bird Protection Society of New Zealand, er ein miljøvernorganisasjon retta mot å verna og konservera innfødd flora og fauna, unike natuområde og økosystemNew Zealand.[1] Forest & Bird har ulike lokale organisasjonar i urbane og rurale senter på heile New Zealand, med kontor og tilsette i Auckland, Christchurch, Wellington, Nelson og Dunedin. Organisasjonen gjev ut eit blad fire gonger i året, Forest & Bird, som er ein av dei viktigaste naturhistorie- og miljøvernmagasina på New Zealand.

Kahikatea-tre (Dacrycarpus dacrydioides) i Fensham reserve, eit verneområde som tilhøyrer Forest & Bird.

Forest & Bird har gjeve ut ei omfattande kommentarbok om miljøvernlov på New Zealand.[2] Organisasjonen er òg aktivt oppteken av å tala for for at ressursforvaltninglov og praksis skal vera meir konsekvente i å verna økosystem.[3]

Forest & Bird blei grunnlagt som Native Bird Protection Society i 1923. Organisasjonen blei seinare omdøypt til Royal Forest and Bird Protection Society of New Zealand, og har heile tida arbeidd for bevaring, særleg i skogområde.[4]

Val Sanderson er rekna som grunnleggjaren av Forest & Bird. I 1921. Sanderson hadde tent som kaptein i fyrste verdskrigen. Då han kom heim blei han forarga over at naturreservatet på Kapitiøya var uinngjerda og mykje skadd av storfe, sauar og geiter. Sanderson starta ein kampanje for betre forvalting av Kapitiøya, og lukkast i å få henne gjenerklært som eit naturreservat. Etter denne suksessen heldt Sanderson eit offentleg møte i mars 1923 som førte til skipinga av Native Bird Protection Society. Den tidlegare statsministeren sir Thomas Mackenzie var den fyrste presidenten for selskapet. Det fanst allereie ein skogvernorganisasjon som heitte New Zealand Forestry League, men denne døydde gradvis ut. I 1935 endra Mackenzie og Sanderson namnet på organisasjonen til Forest and Bird Protection Society of New Zealand. Sanderson dreiv ei utviding av interessene til organisasjonen for område som jorderosjon og bruk av innfødde tre til jordstabilisering. Han blei president for organisasjonen i 1933, og hadde stillinga til han døydde i 1945, 79 år gammal.[5]

Fram til 1970-talet var Royal Forest and Bird Protection Society den einaste miljøorganisasjonen på New Zealand. I oktober 1971 foreslo den newzealandske regjeringa å hausta store område med innfødd sørbøk, Nothofagus fusca, og planta halvparten av det rydda området med eksotisk Pinus radiata. I lag med kampanjen Save Manapouri, førte spørsmålet om hogsten av innfødd skog til større offentleg merksemd om miljøvern og opprettinga av nye miljøverngrupper som Beech Forest Action Committee. Som svar på vedtaket om skoghogst starta Forest & Bird og Beech Forest Action Committee 4. juli 1975 Maruia-deklarasjonen som ein offentleg petisjon med krav om å slutta med hogst av innfødd skog og lovleg anerkjenning av innfødde skogar. Maruia-deklarasjonen blei overlevert til den newzealandske regjeringa i 1977.[6]

Frå 2005 har organisasjonen halde ei årleg kåring av årets newzealandske fugl, som allmugen kan stemma på.[7] Nokre vinnarar er kakapo, tuihonningetar og kivi.

I 2021 gjekk alle inntektene frå artisten Lorde sin EP Te Ao Mārama til Forest & Bird og Te Hua Kawariki Charitable Trust.[8]

Forest & Bird-demonstrasjon mot gruvedrift på Denniston-platået.
  • 1970-talet - Kampanje for å redda Manapourisjøen
  • 1980-1990-talet - Vern av innfødd skog
  • 2006 - Petisjon om å auka vernet av New Zealand-sjøløve
  • Living Rivers
  • South Island High Country
  • Dawn Chorus (Terrestrial Biodiversity)
  • 2004 - Marine Conservation – the Best Fish Guide. Sidan 2004 har Forest & Bird gjeve ut Best Fish Guide, som tek for seg 62 kommersielle fiskar som blir rangert etter bidraget til eit sunt havmiljø. I guiden frå 2004 blei ingen av dei dokumenterte fiskane rekna som økologisk trygge å fanga og eta.[9]
  • 2009-2010: Hindring av kunstig vatning i storskala i Mackenzie Basin[10]
  • 2009 - Kampanje for å verna naturvernområde på New Zealand frå gruvedrift.[11]
  • 2009 - Kampanje for å verna viktige elvar på New Zealand mot oppdemming.[12]
  • 2011-2012 - Motstand mot Escarpment-gruva på Denniston-platået.
  • 2008-2012 - Motstand mot oppdemming av Mōkihinui-elva
  1. Croker, Olive Rita (1966). «Flora and fauna, preservation of; modern policy». An Encyclopaedia of New Zealand, edited by A. H. McLintock. Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 25. mars 2012. «The Forest and Bird Society are active in all problems concerning preservation of flora and fauna.» 
  2. «RMA Information Database». ECO, (Environment and Conservation Organisations of New Zealand). Henta 15. mars 2010. 
  3. Mitcalfe, Kate (2002). «Valuing Our Environment – The costs of the RMA» (PDF). Royal Forest and Bird Protection Society of New Zealand. Henta 8. februar 2010. 
  4. Nathan, Simon (2. mars 2009). «Conservation – a history – A background issue, 1908–1965». Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand. Henta 23. mars 2012. 
  5. Galbreath, Ross. «Ernest Valentine Sanderson». Dictionary of New Zealand Biography. Ministry for Culture and Heritage. Henta 23. mars 2012. 
  6. Nathan, Simon (29 March 2009). «Conservation – a history – Environmental activism, 1966–1987». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 25 March 2012. 
  7. Birds battle again in annual poll. 3 News NZ. 30. september 2013.
  8. Treisman, Rachel. «Lorde Dropped A Surprise Mini-Album Of 'Solar Power' Tracks In The Māori Language». NPR. 
  9. Wassilieff, Maggy (2. mars 2009). «Seafood New flavours, old habits». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 25. mars 2012. 
  10. «Don't turn the Mackenzie Basin green, Forest & Bird warns». Royal Forest and Bird Protection Society of New Zealand. Henta 3. mars 2016. 
  11. «Mining New Zealand's Green Heart». Royal Forest and Bird Protection Society. Arkivert frå originalen 22 May 2010. Henta 15. mars 2010. 
  12. «Wild Rivers». Royal Forest and Bird Protection Society. Henta 15. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Forest & Bird