Gammalkatolikkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gammalkatolsk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Domkyrkja i Utrecht. Erkebiskopen i Utrecht leiar den gammalkatolske kyrkjekongressen.

Gammalkatolikkar er ei religiøs gruppering som oppstod på 1700-talet grunna strid mellom ulike kyrkjesamfunn og paven. Dei godtek doktrinane fra dei sju kyrkjekonsila frå før det store skismet i 1054, og legg elles vekt på Vincent av Lérins si utsegn om å tru på «det alle, alle stader, alltid har trudd».[1]

Den jansenistiske Utrecht-kyrkja braut banda med Roma då ho blei ekskommunisert i 1724. Det første Vatikankonsilet i 1870 førte til meir usemje, der kyrkjer som mellom anna ikkje godtok trua på paven som ufeilbarleg, også blei ekskommuniserte. I 1889 gjekk nederlandske og tyske kyrkjer saman i Utrecht-unionen. Sidan har erkebiskopen av Utrecht vore leiaren for den internasjonale gammalkatolikk-kongressen.

Dei gammalkatolske kyrkjene er nært knytt til den anglikanske kyrkja, som ho er i kommunion med.[2] Dei er også medlem av Kyrkjenes verdsråd.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «quod ubique, quod semper, quod ab omnibus creditum est». Bowker, John. «Vincentian Canon». The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Oxford University Press, 2000; «The Vincentian Canon of St. Vincent of Lerins». Ancient-future.net. Henta 25. april 2010. 
  2. «Churches in Communion with the Church of England». Europe.anglican.org. 8. april 2009. Henta 25. april 2010. 
  3. «Old-Catholic Church in the Netherlands». Oikoumene.org. Henta 25. april 2010. 
  • «Old Catholic». Oxford Dictionary of English. Red. Stevenson, Angus. Oxford University Press, 2010.