Geometrisk middel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Geometrisk gjennomsnitt)

Geometrisk middel eller geometrisk gjennomsnitt er eit slags gjennomsnitt som vert uttrykt som n-te rot av produktet av n storleikar eller tal.

Det er eit sentralitetsmål i ei talrekkje. Ein finn det geometriske gjennomsnittet ved å multiplisere alle tala i talrekkja med kvarande for å så å finne den n-te rota til dette produktet. N er mengda tal i talrekkja.

I ei talrekkje så er det geometriske gjennomsnittet gjeven ved:

Geometrisk gjennomsnitt vert nytta til å skildre eksponentiell vekst.

Mellomproporsjonal[endre | endre wikiteksten]

Mellomproporsjonal eller mellomproporsjonalledd er det talet eller den geometriske storleiken x som tilfredsstiller proporsjonen a : x = x : b. x vert då sagt å vere mellomproporsjonalen til a og b. Av likninga følgjer det at x = √ab. Ein mellomproporsjonal storleik er det geometriske middelet av to storleikar a og b.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]