Hopp til innhald

Haderslev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haderslev
by
Domkyrkja i Haderslev
Land  Danmark
Region Region Syddanmark
Kommune Haderslev kommune
Folketal 22 182 (1. januar 2023)
Kart
Haderslev
55°15′N 9°30′E / 55.25°N 9.5°E / 55.25; 9.5
Wikimedia Commons: Haderslev

Haderslev er ein by på Sønderjylland i Danmark. Byen, som har 22 182 ibuarar (2023), er administrasjonssenter i Haderslev kommune.

Haderslev er handels- og industrisenter, samt garnisonsby. Byen har eit tysk mindretal som har eiga kyrkje, skule og bibliotek. Domkyrkja er ei av Danmarks mest praktfulle gotiske bygningar, bygt på 1200-talet, ombygt i det 14-hundreåret til ei einskipa kyrkje i teglstein.

Byen oppstod kring midten av 1100-talet og fekk kjøpstadsrettar i 1292. Byens eldste historie er nært knytta til slottet Haderslevhus. Haderslev låg under tysk styre 1864–1920.

Haderslev er venskapsby med Sandefjord.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Haderslev