Haugsværsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Koordinatar: 60°53′44.581″N 5°29′29.209″E

Botn av Haugsværsfjorden

Haugsværsfjorden er ein fjordarm av Masfjorden i Masfjorden kommune. Han strekkjer seg 4,5 km nordaustover frå innløpet ved Solheimsøya ved Solheim på nordvestsida av fjorden. Grenda Haugsvær, som har gjeve namn til fjorden, ligg om lag halvvegs inn i fjorden på søraustsida og frå her strekkjer fjorden seg vidare 1,5 km inn til botn.

E39 følgjer fjorden frå Haugsvær og inn til botn.