Haukeli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Haukeligrend)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haukeli
Haukeli
Plassering

Haukeli
59°44′5″ N 7°33′6″ E

Haukeli er eit område vest i Vinje kommune i Telemark-området i Vestfold og Telemark fylke og er eit trafikknutepunkt der Rv9 og E134 møter kvarandre.

Området er tidlegare òg kalla Haukeligrend, men i 1999 vart namnet tilbakeført til det opphavlege Haukeli.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Områda kring Haukeli er utbygd av vasskraft. Utbygginga starta i 1957 med Haukeli kraftverk og vart sluttført i 1979 då Kjela kraftverk vart sett i drift.

TINE-konsernet har eit meieri som produserer chevre i Haukeli.[1]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Haukelifjell ligg 12 km vest for Haukeli og er ein skidestinasjon vinterstid.

Vinje kommune er eigar av den store fjelleigendomen Berunuten Vest, som ligg nord for Songavatn, ca 15 km nord for Haukeli. Denne eigendommen, på ca 90 000 daa, kjøpte Vinje kommune av brukseigar Treschow i 1979. Med dette kjøpet ville kommunen opne ein bit av dei store fjellviddene for bruk til jakt, fiske og friluftsliv for ålmenta. Desse områda var for ein stor del privat- og utanbygdseigde. Sportsfiske, småviltjakt, friluftsliv, delar av storviltjakta og dei sju hyttene på eigendommen er tilgjengeleg for alle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ragnar Lurås (13. april 2016). «Chevre er den nye geitosten». NRK. Henta 27. august 2019.